Hopp til innhold

– Dette er ei sjeldan moglegheit

– Det er ei sjeldan moglegheit å få starte ny eksportretta industri frå Noreg. Noreg vil verte verdas fjerde største produsent av titanmineralet rutil, sa administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining på ein pressekonferanse i føremiddag.

Ivar Fossum fra Nordic Mining orienterte i dag om planlagt rutilutvinning i Engebøfjellet i Naustdal ved Førdefjorden.

Verda og samfunnet spør etter titan. Det er ei sjeldan moglegheit å starte ny eksportretta industri frå Noreg, det sa Nordic Mining på ein pressekonferanse i føremiddag.

– Vår grunntanke er at det vil vere større og større behov for mineral som samfunnet er avhengige av i dag. Vi brukar stadig fleire mineral for å blant anna løyse fleire problem vi står overfor, seier Fossum.

Mineralnæringa har vore ei stor næring for Noreg og har eit kjempestort potensiale. Verksemda vil krevje 170 faste tilsette. Totalt kanskje 300 arbeidsplassar i regionen, og på landsbasis vil vi få kanskje 500, seier Fossum.

– Har ikkje sett liknande tilfelle i verda

Engebøfjellet i Sogn og Fjordane har ein av verdas største ansamlingar av titan.

– Det er sjeldan at så mange mineral blir oppkonsentrert i eit så stort volum. Vi har ikkje sett liknande i verda som har tilsvarande likskap av det mineralet vi er ute etter.

Dette krev svært mykje kompetanse og disiplin. Vi treng høg kompetanse for denne typen industriverksemd, seier Nordic Mining. Vi skal skunde oss langsamt, det kervjer omlag 4 år før vi har tillatelse på plass til me nærmar oss oppstart, seier Fossum.

Fekk løyve til eit omstridd sjødeponi

Moderniseringsdepartementet har i dag stadfesta reguleringsplanen, medan Klima- og miljødepartementet har gjeve løyve til eit svært omstridd sjødeponi i Førdefjorden.

Nordic Mining vil investere kring to milliardar kroner i det som er det største planlagde mineralprosjektet i Noreg. Gruvedrifta kan bety 300 arbeidsplassar lokalt i Sunnfjord, og Mæland viser i ei pressemelding til at den kan bety 500 arbeidsplassar på landsbasis.

– Det har vore ein lang veg å gå, så dette er ein stor dag. Vi er glad for at det endeleg blir sett punktum i saka, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum til NRK.

Oppstart om fire år

Verksemda har funne kring 250 millionar tonn rutilmalm i Engebøfjellet. Noric Mining har sidan 2007 eigd rettane til ressursane. Kommunestyra i Askvoll og Naustdal har godkjent planane.

– Det er mykje som skal gjerast no, og det vil ta kring fire år før vi kan starte opp, held Fossum fram.

Deponering av 140 millionar kubikkmeter restmasse i Førdefjorden har vore spesielt omstridd. Regjeringa presiserer at ein føresetnad til løyvet er at det marine miljøet må varetakast på ein tilfredsstillande måte.

Det blir stilt strenge krav til overvaking og dokumentasjon av utsleppa. Det er første gong det blir stilt krav i eit utsleppsløyve om å dokumentere at sjømaten er trygg.

AKTUELT NÅ