NRK Meny
Normal

– Det var ikkje dette vi vart samde om

Pilotane i Norwegian går vidare med tanken om å trekkje selskapet for retten. – Det var ikkje dette vi vart samde om i går, seier kommunikasjonsdirektør i Norwegian, Anne-Sissel Skånvik.

Innslag fra Dagsrevyen.

VIDEO: Kan bli ny Norwegian-rettssak

Pilotane nektar å gi opp tanken om å få opprette ein tariffavtale med morselskapet, trass i at dei i går skreiv under ein avtale. Både administrerande direktør i Norwegian, Bjørn Kjos, og leiaren for pilotforeininga, Halvor Vatnar, sa i går at avtalen sikra ei absolutt fredsplikt i selskapet i minst tre år .

Anne-Sissel Skånvik reagerer på at pilotane kjem med dette no, før blekket er skikkeleg tørt på avtalen dei skreiv under i går kveld.

– Kan ikkje nekte dei

– Det var ikkje dette vi vart samde om i går, men vi kan sjølvsagt ikkje nekte nokon å gå til sak mot oss, seier ho til NRK.

Leiaren for Norwegian Pilot Union, Halvor Vatnar, seier at det er nødvendig å få sett lys på ein del prinsipielle ting i rettssystemet.

– Vi må sjå om det er mogleg å gjere det slik, og få definert kva lova eigentleg seier om det, seier Vatnar.

Leiar i Parat, Hans-Erik Skjæggerud, sa tidlegare i dag at ei avgjerd om å gå til søksmål mot Norwegian Air Shuttle på vegner av pilotane, blir teken torsdag . Parat har ikkje gitt opp kampen om at morselskapet Norwegian Air Shuttle (NAS) skal stå som Norwegian-pilotane sin reelle arbeidsgivar.

Ventar på tilbakemelding

– Vi ventar no på tilbakemeldinga frå selskapet. Vi avviser ikkje at det kan bli aktuelt å gå vidare med søksmålet for å få ei rettsavgjerd på om Norwegian Air Shuttle skal reknast som reell arbeidsgivar, sa Skjæggerud tidlegare i dag.

Advokat og ekspert på arbeidsrett Jan Tormod Dege sa tidlegare i dag at flygarane har rett i at NAS er dei reelle arbeidsgivarane deira. Han trur Bjørn Kjos og Norwegian vil tape dersom saka hamnar i retten.

Pilotane er i dag formelt tilsette i dotterselskapet Norwegian Air Norway (NAN), som under streiken vart splitta opp i tre selskapet for høvesvis norske, svenske og danske pilotar.

Juridiske garantiar

Avtalen som vart skriven under i går kveld, etter 11 døgn med streik, gav ikkje flygarane fast tilsetjing og tariffavtale med Norwegian Air Shuttle. Dei fekk likevel på plass juridiske garantiar for at dei har ei viss tilknyting til morselskapet.

Norwegian kjøpte seg ut av pilotkrisen med omstridt selskap fra Litauen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger