Solveig Bråten fann ei tekstmelding frå sonen Egil Tostrup Bråten, morgonen etter. Sognepresten hadde vore på besøk og fortalt at sonen var død. 23-åringen blei funnen på gata utanfor sin eigen hybel i Oslo, med knivstikk og småskader.
– I tekstmeldinga stod det «vært på kino. Bra film.» Han hadde sendt meldinga den kvelden han døde. Då visste eg at Egil hadde hatt det bra, seier Solveig Bråten i retten.
I lomma til sonen fann krimteknikarane fire kinobillettar, frå Eldorado kino, visning klokka 21.00. Etter filmen skal Bråten ha blitt med tur til ein av venane, før han sjølv gjekk heim til Nordahl Bruns gate 22.
Han blei oppdaga på asfalten like ved inngangspartiet i november 2002.
15 år seinare er to menn tiltalt, for drap og grovt ransforsøk. Dei var 18 og 16 år gamle på drapstidspunktet.
- Les også: – Jeg skrek «la oss løpe»
POESI: Biletet av Steinar og Solveig Bråten er tatt i 2011. Faren har skrive ei diktsamling etter tapet av sonen.
Foto: Vera Wold / NRK– Smilte frå øyre til øyre
Egil Tostrup Bråten hadde vore saman med tre vener på kino den kvelden, og sett filmen «XXX». Det var kameraten som hadde invitert han med, saman med to jenter.
Etterpå kjøpte dei pizza og gjekk heim til kameraten for å spise.
– Då han gjekk var han glad og smilte frå øyre til øyre. Han takka meg for å ha introdusert han for jentene, seier kameraten i retten.
Dei hadde ikkje drukket alkohol den kvelden. Bråten hadde ikkje kontantar i lommeboka etter kinoen, så kameraten la ut for pizzaen. Han hadde lommeboka på seg, ifølge vitnet.
– Egil var ein ærlig og real type, som du kunne stole på. Ein alltid glad type, men han var også ein som trente og var sterk, seier barndomskameraten.
– Vi diskuterte kva vi ville gjort om vi blei rana, ein gong, og han sa at han ville ha forsvara seg uansett. Eg var ueinig, seier vitnet.
– Lo på innpust og utpust
Solveig Bråten skildrar sonen Egil, som ein gut som lo på innpust og utpust. Ein Leeds-supporter som ikkje sat stille i stolen under fotballkampar.
- TØFT: Det har vore tøft å høyre på dei tiltalte sine forklaringar, sa Steinar Bråten etter den første dagen i rettssaka. - Vi er svært glade for at politiet aldri la vekk saka og gav opp, sa Bråten.
Foto: Elin Martinsen / NRK– Egil var så mykje for oss alle tre, både meg, faren og søster. Dei to borna var veldig ulike, men hadde eit usedvanleg nært og godt søskenforhold, seier Solveig Bråten.
Siste samtale med han var på telefon ei veke før drapet.
– Eg sa at eg var glad i han. Seinare var eg så glad for det, for eg visste jo ikkje då at han skulle bli stukken ned og drepen ei veke seinare. Det blei eit tidsskille for oss – før og etter, seier mor.
Ho skildrar korleis drapet påverka familien i åra som fulgte.
– Dei første månadane var eg i ein tilstand av sjokk. Det var som om kroppen ikkje ville ta inn at han var død. Etter eit halvt år kom gråten, seier mor.
– Det tok nesten fem år før det kunne gå eit heilt døgn utan gråt.
KNIV: Denne knivsliren låg eit stykke frå Egil Tostrup Bråten i Nordahl Bruns gate. Kniven som høyrer til, har eit knivblad på omlag 10 cm.
Livreddande arbeid
Ein politipatrulje oppdaga 23-åringen på asfalten, omlag klokka 00:50 natt til 18. november i 2002. Dei forsøkte livredning og sikra åstaden.
Eit skrujern låg like under ei takrenne. Ein knivslire låg lengre nede i gata.
23-åringen hadde eit knivstikk på høgre side av brystet, inn mot hjartet. I tillegg hadde han tre mindre stikkskader, som ikkje stakk djupt, rundt eit øyre og nær halsen.
Rettsmedisinarane konkluderte med at Egil Tostrup Bråten døde av skader i brystet, frå knivstikket.
Skadane på ansikt og hals, som kan stamme frå eit skrujern, skal ikkje ha påverka dødsfallet.
Taxisjåfør la merke til dei
Blant vitnene er ein taxisjåfør, som la merke til to personar som stod stille og diskuterte. Ein høg mann gjekk forbi, og dei to begynte å følge etter han.
Bråten var 1.90 meter høg, sjåføren seier han aldri såg mennene klart nok til å identifisere dei.
Den tiltalte 30-åringen har forklara at han og kameraten, då 16 og 18 år gamle, fulgte etter for å rane Bråten. Ifølge hans forklaring enda det i eit slagsmål der han slo med skrujern. Han har erkjent grovt ransforsøk med døden til følge
Den medtiltalte 33-åringen seier det aldri var snakk om eit ran, men eit slagsmål som kom ut av kontroll.
– Han erkjenner eit uaktsomt drap, men ikkje forsettleg drap eller ransforsøk, seier hans forsvarar Vidar Lind Iversen.
SKRUJERN: Eit flatt skrujern låg like under ei takrenne i Nordahl Bruns gate, på hjørnet mot Blitzhuset. Krimteknikarar fann Bråten sitt DNA på skrujernet.
Foto: Politiet