Hopp til innhold

– Det må dessverre ein tragedie til før det skjer noko

Politiet og brannvesenet i Oslo meiner det hastar med felles naudsentral, men saknar politisk vilje. – Dette har vi påpeika sidan 2006. Vi er utolmodige og klare, men det må takast ei avgjerd, seier stabssjef Johan Fredriksen i Oslo-politiet.

Operasjonssentralen

Politiet og brannvesenet i Oslo meiner det hastar å få på plass ein felles naudsentral.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Politiinspektør Johan Fredriksen veit korleis det er å handtere store kriser. Han er stabssjef i Oslo politidistrikt og var med på å leie politioperasjonen 22. juli 2011. Han veit også korleis det er å få kritikk når ting går gale.

Tida er overmoden for å gjere noko med naudmeldingstenesta, meiner Fredriksen.

– Det må dessverre skje noko tragisk før det skjer noko. Vi vil ha betre moglegheiter for å lukkast dersom vi samlokaliserer oss med dei andre naudetatane. Vi er ikkje berre utolmodige på våre eigne vegner, men også på vegner av publikum.

– Det står ikkje på vilje, men på pengar

Fredriksen og Oslo-politiet får støtte av sjefen for landets største brannvesen. Brannsjef Jon Myroldhaug i Oslo brann- og redningsetat er klar for å flytte inn hos politiet.

Johan Fredriksen

Politiinspektør Johan Fredriksen i Oslo politidistrikt

Foto: Ingunn Andersen/NRK

– Det har vi vore positive til lenge, og vi har hatt samtalar med Oslo politidistrikt om dette ei stund, men det står rett og slett på pengar. Det må byggjast ut eigna lokale før vi kan flytte inn hos politiet. Sentralen deira er for trong, seier Myroldhaug.

– Samlokalisering har blitt diskutert i årevis, og det er på tide å flytte saman.

NRK har i fleire saker sett søkjelyset på norsk naudmeldingsteneste – naudsentralane som skal vere hjartet i handteringa av kriser og større hendingar. Førre veke publiserte NRK lydloggar frå handteringa av trippeldrapet på Valdresekspressen i Årdal. Der skjedde det fleire varslingsfeil og svikt i samarbeidet mellom dei tre naudetatane.

I ein rapport som blei lagt fram for justis- og beredskapsministeren i desember i fjor er konklusjonen: Det hastar å gjere noko:

  • «Dagens nødmeldingstjeneste klarer ikke å ivareta godt nok samvirket mellom nødetatane»
  • «Det haster å bygge robusthet i norsk nødmeldingstjeneste»
  • «For å vareta brukernes tillit til tjenesten må det iverksettes tiltak nå»

(Artikkelen held fram under biletet)

Alarmsentralen til Oslo brann- og redningsetat

Alarmsentralen til Oslo brann- og redningsetat ligg i dag på Briskeby. Dei ønskjer å flytte saman med politiet i politihuset på Grønland.

– Dette har vi påpeika sidan 2006

Politiinspektør Johan Fredriksen seier dei ved fleire høve har påpeika behovet for ein ny og oppdatert naudsentral, men i fjor blei planane stoppa av regjeringa – sjølv om Gjørv-kommisjonen tilrådde å opprette ein nasjonal operasjonssentral i Oslo.

Brannsjef Jon Myroldhaug i OBRE

Brannsjef Jon Myroldhaug i Oslo brann- og redningsetat

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Og vi meiner det hastar, sa Alexandra Bech Gjørv då kommisjonen la fram sin rapport om 22. juli-terroren.

– Vi er avhengige av nye og større lokale. Dette har vi påpeika sidan 2006. Vi treng ein større og meir oppdatert operasjonssentral, og vi ønskjer å samlokalisere oss med dei andre etatane. Men dette kostar pengar, seier politiinspektør Fredriksen.

– Vi er veldig klare for å dele lokale med brann- og helsevesenet. Dette handlar om vår evne til å handtere store og komplekse saker, og vi er utolmodige.

– Må bli fortgang

Politireforma legg opp til samlokalisering av brann og politi sine alarmsentralar.

Dei nye politidistrikta blir oppretta 1. januar 2016, men i Oslo vil samlokalisering innan denne datoen vere heilt urealistisk, uansett, meiner brannsjef Jon Myroldhaug:

– Det vil ta tid å byggje eigna lokale, så det er heilt uaktuelt at vi er klare til 1. januar 2016. Dette vil ta tid. Eg håpar vi kan flytte saman innan to år, men då må det bli fortgang i prosessen, seier Myrholdhaug.

Varslingsglepp også i Oslo

Under trippeldrapet på Valdresekspressen i Årdal fekk AMK-sentralen mellom anna melding om terror, kapra buss og om mange drepne. Men denne informasjonen blei aldri varsla vidare til dei to andre naudetatane. Dette førte til at brannvesenet rykka fram til det dei trudde var ei heilt vanleg bussulykke.

Ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skjer det varslingssvikt kvar einaste veke rundt om i landet, og at dei same feila som skjedde i Årdal også kunne skjedd andre stader.

Sjå tidslinje og høyr lydloggar frå handteringa av trippeldrapet i Årdal:

Laster innhold, vennligst vent..

Ifølgje Myrholdhaug skjer det også glipp i hovudstaden – svikt som har sett hans mannskap i fare:

– Vi har døme på situasjonar der vi ikkje har fått viktig informasjon, til dømes om kriminelle eller ustabile personar. Det har skjedd at vi har rykt ut på brannmeldingar, men har blitt møtt av farlege folk. Dette er informasjon vi kunne tenkje oss å vite for å ikkje utsetje oss for fare, seier Myrholdhaug.

– Det er ikkje det at ein ikkje vil varsle kvarandre, trur eg, men det har nok med at ein er for oppteken av eigen situasjon. Det må bli ein endå betre koordinering mellom brann- og redningsetaten og politiet, og det vil det bli dersom vi flyttar saman, seier han.

Johan Fredriksen i Oslo-politiet er samd.

– Det er lettare å snakke saman når ein også sit saman. Ein kan då kommunisere tydlegare og breiare. Det seier seg sjølv. Samlokalisering vil gi ein udiskutabel gevinst, seier Fredriksen.

Justisdepartementet: – Begynner med samlokalisering i 2016

Statssekretær Gjermund Hagesæter i Justis- og beredskapsdepartementet seier at Stortinget har vedteke å samlokalisere politiet og brannvesenet sine operasjonssentralar i samband med etableringa av dei nye politidistrikta.

– Naudmeldingssentralane til politiet og brannvesenet skal samlokaliserast i same bygg og slik at dei dekkjer dei same geografiske områda. Stortinget har uttrykt ei klar forventning om at det skal gjennomførast ei samlokalisering på ein til tre stader i 2016 for å hauste erfaring både med tanke på praktiske løysingar og økonomi.

Ifølgje statssekretæren er ikkje helse med frå starten fordi det er behov for å betra den optimale organiseringa av medisinsk naudmeldingsteneste.

– Helse- og omsorgsdepartementet har no sett i gang ei utgreiing som skal liggje til grunn for ei endelig avgjerd om AMK-sentralane skal samlokaliserast med dei andre naudmeldingssentralane i brann- og redningsetaten og politiet, opplyser Hagesæter til NRK.

AKTUELT NÅ