Hopp til innhold

– Det er mykje som skal byggjast framover

For første gong på fleire år skal like mange elevar ta yrkesfag som studiespesialiserande på vidaregåande. – Du lukkar ikkje lenger dører, seier kunnskapsministeren.

Elev ved Odda vidaregåande skule, Stine Myrvoll Kaland

For første gong på fleire år er yrkesfag like populært som studiespesialisering. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Tale Hauso / NRK

I år har kring 34.500 elevar fått tilbod om ei yrkesfaglinje når dei no skal byrje på vidaregåande om nokre veker. 69.500 elevar har til saman fått plass. Det syner dei nasjonale inntakstala for vidaregåande opplæring.

– Dette er veldig gledelege tal for oss, seier kommunikasjonssjef i Veidekke, Helge Dieset.

Inntakstala for skuleåret 2018/2019 syner at elevar ønskjer seg til helse og oppvekst og bygg- og anleggsteknikk.

Meiner det har med haldningar å gjere

Kommunikasjonssjef i entreprenørfirmaet Veidekke, Helge Dieset, er nøgd med at mange elevar ønskjer seg inn på yrkesfag til hausten. Han meiner det er eit klart behov for meir kompetanse.

Helge Dieset, kommunikasjonssjef Veidekke

Kommunikasjonssjef i Veidekke, Helge Dieset, trur årsaka til at yrkesfag ikkje har vore like populært tidlegare har med haldningar å gjere.

Foto: Lise J. Hall / Veidekke

– Vi har eit stort behov for å fylle på med nye handverkarar og fagarbeidarar.

Dieset trur årsaka til at yrkesfag ikkje har vore like populært tidlegare, er fordi elevane gjerne ikkje veit kva moglegheiter dei faktisk har som fagarbeidarar.

– Eg trur det har med haldningar å gjere, samt kompetansesvikt hos rådgjevarane til barna – som ofte er dei føresette.

Helge Dieset trur foreldre og føresette gjerne råder barna sine til å velje studiespesialiserande sidan det ofte blir sett på som det trygge valet.

– Samstundes er det nok mange som ikkje veit at ein kan gå heile vegen til ein toppsjefsjobb om ein tek utdanning som fagarbeidar.

– Vi trenger fleire jenter inn i yrkesfaga

Dei siste åra har det ikkje vore store skilnader mellom kor mange elevar som har tatt yrkesfag og studiespesialiserande.

For nokre år sidan derimot, var det ein drastisk nedgang i elevar på yrkesfag.

– Då gjekk søkartala så mykje ned at vi rett og slett hadde problem med å få tak i nok lærlingar, og vi treng lærlingar. Det er mykje som skal byggjast framover, så vi trenger flinke folk, seier Dieset.

Kawsica Rashasingham (15) begynner på byggfag til høsten

Femten år gamle Kawsica Rashasingham droppar studiespesialisering, og vel heller å byrje på bygg- og anleggsteknikk i Oslo. Ho drøymer om å bli arkitekt eller ingeniør.

Foto: Ola Solheim / NRK

For at enno fleire skal søke seg til yrkesfag i framtida, meiner Dieset at ein må sjå mot jentene.

– Vi må sjå mot jentene. I dag nyttar vi teknologi i større grad enn tidlegare. Det er nok der vi må setje inn støyten framover.

– Du lukkar ikkje lenger dører

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) er nøgd med søkartala. Han trur at dei unge no innser at å ta yrkesfag skaper moglegheiter.

Jan Tore Sanner

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) er nøgd med årets søkartal til vidaregåande utdanning.

Foto: Helle Fjelldalen / NRK

– Du lukkar ikkje lenger dører når du vel eit yrkesfag. Snarare tvert imot. Du kan byggje ut utdanninga di om du ønskjer det, seier Sanner i eit tidlegare intervju med NRK.

11.000 elevar står framleis på venteliste for å få ein plass i den vidaregåande skulen.

AKTUELT NÅ