NRK Meny
Normal

Vil ikkje ta tilbake blasfemi-ytring

– Det er ikkje så viktig å stå opp for retten til å drive blasfemi, er fråsegna som leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, har fått kritikk for dei siste dagane. Støre meiner at sitatet er tatt ut av samanheng. Men han vil ikkje ta det tilbake.

Støre om blasfemi i Politisk kvarter

Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre har fått kritikk frå fleire hald i løpet av helga, etter at han vart intervjua i Dagens Næringsliv om ytringsfridomen i samband med terroråtaket i Paris.

Der sa han blant anna at han ikkje vil stå opp for retten til blasfemiske ytringar. Til NRK seier han at det ikkje er eit mål for ei ytring å vere blasfemisk og krenkande.

– Vi må ta ytringsfridomen som ein heilskap, og ikkje seie at testen på ytringsfridomen vår er å byrje ut i ytterkanten og seie det nærast er eit mål å skulle drive med blasfemi eller krenking, seier AP-leiar Jonas Gahr Støre i Politisk Kvarter måndag.

– Vil ikkje stå opp for retten til å drive med blasfemi

Før helga vart han intervjua i Dagens Næringsliv, DN, i samband med terroråtaket i Paris, der magasinet Charlie Hebdo vart angripne for å ha trykka karikaturar av profeten Muhammed.

Det var der han kom med fråsegna om at han ikkje ville stå opp for retten til å drive blasfemi.

– Nei, eg vil ikkje seie det er viktig å stå opp for retten til å drive blasfemi. Eg vil seie det er rett å stå opp for retten til ytringsfridom. Det er verken eit ideal å ytre seg på ein måte som krenker, eller at det er eit ideal å uttrykke seg på ein måte som kan oppfattast som blasfemisk, sa Støre til DN.

– Fråsegna er skremmande

På grunn av desse orda har AP-leiaren vorte kalla feig av Venstre-leiar Trine Skei Grande. – Terroristane kan lene seg attende og seie "det funka", sa ho til DN.

Ho meiner at Støre ikkje skjønar betydninga og verdien av at grenser vert utfordra og at autoritetar vert latterleggjort, skriv avisa.

LES OGSÅ: AFP: 18-åring uskyldig terroranklaget

Støre er oppteken av å understreke at han vil stå opp for ytringsfridomen, og at den kan vere krenkande og blasfemisk.

– Det er lovleg å kome med blasfemiske ytringar. Slike ytringar er lovlege, det står i norsk lov. Og eg står sjølvsagt opp for norsk lov, seier Støre.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger