– «Alle andre» drikk for mykje saman med borna

Kvar fjerde nordmann synest andre foreldre har eit dårleg forhold til alkohol, medan dei sjølve drikk akkurat passeleg, går det fram av ei ny undersøking.

Kari Randen i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.

– Det er viktig å vere bevisst sitt eige alkoholforbruk, seier Kari Randen.

Foto: AV-OG-TIL

Det er organisasjonen AV-OG-TIL som står bak undersøkinga, som er laga av Ipsos MMI. Dei kallar seg ein alkovettorganisasjon, og dagleg leiar Kari Randen meiner at det no er på tide å bryte tabuet rundt drikking saman med born, og tørre å snakke om det.

Voksne drikker i sammen med barn (Illustrasjonsbilde)

Mange opplever at andre drikk for mykje saman med born.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Dette er overraskande høge tal. Det ser ut som dei fleste av oss synest vi drikk akkurat passe, medan det er alle andre som har eit problem. Og når det er så mange foreldre som er uroa for alkoholforbruket, så veit vi at dette gjeld svært mange born, seier ho til NRK.no.

– Blinde for eiga drikking

Undersøkinga viser blant anna at 12 prosent av foreldre med born under 18 år oppgir at dei sjølve har vore rusa i situasjonar der born var til stades. 19 prosent seier at dei har oppfatta andre foreldre som rusa.

– Dette seier meg at vi er blinde for eiga drikking. Derfor er det ofte slik at vi synest andre har eit problem med alkoholmisbruk saman med born, medan vi ikkje likar å reflektere over eigne vanar, seier Kari Randen.

Ho har inntrykk av at foreldre snakkar saman om leggjetider, sukkermengd og matboksar, men at det er nesten umogleg å ta opp korleis vi har det med alkohol heime.

– Drikk meir enn før

– Slik er det sjølv om vi veit at vi drikk meir enn tidlegare, seier AV-og-TIL-leiaren.

Det går også fram av undersøkinga at mange er uroa over alkoholbruken til besteforeldra saman med barnebarn.

– Moderne besteforeldre drikk temmeleg mykje meir enn det som var vanleg tidlegare. Dette påverkar familieforhold i langt større grad enn mange trur. Det er til dømes mange som gruar seg for å la barneborna overnatte på grunn av alkoholforbruket.

Festmånaden desember

AV-og-TIL-leiar Kari Randen meiner det er viktig å ta opp dette spørsmålet no. Det er snart festmånaden desember, og då drikk nordmenn langt meir enn elles i året.

– For mange er dette den trivelegaste tida på året. Dessverre er det slik at mange born gruar seg til denne høgtida. Dei uroar seg fordi dei at foreldra deira kjem til å drikke for mykje i jula.

– Born er heilt avhengige av dei vaksne rundt seg og har det best når foreldra oppfører seg normalt. I motsetnad til oss vaksne kan ikkje borna velje å forlate festen, seier Kari Randen.

Kampanjearbeid

Alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL har eksistert i 30 år og arbeider for å gi folk betre alkoholvanar. Det er ikkje ein fråhaldsorganisasjon, men har som mål å få folk til låg halde seg unna alkohol der alkohol ikkje høyrer heime.

49 organisasjonar innan blant anna idrett og politikk er medlemer.

Kari Randen fortel at dei i hovudsak driv kampanjearbeid, og at størstedelen av arbeidet er retta inn mot promillekøyring både på land og på sjøen, mot idretten og mot foreldre.

– Det er på desse områda at alkoholbruk har størst konsekvensar for andre, seier ho til NRK.no

Sjekk ditt alkoholforbruk!

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger