Hopp til innhold

– Budsjettet blir ikkje teke godt imot i Paris

– Det norske statsbudsjettet for 2016 vil vekkje negativ oppsikt under klimatoppmøtet i Paris, seier leiar for Miljøpartiet dei Grøne (MDG), Rasmus Hansson.

Rasmus Hansson kritiserer statsbudsjettet

VIDEO: Rasmus Hansson misnøgd med budsjettet.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hansson reagerer sterkt på det han meiner er mangelen på konkrete utsleppskutt i 2016-budsjettet. Han seier at det er positive trekk i budsjettet, men at satsinga på fleire motorvegar og høg oljeaktivitet er med på å gjere det miljømessig svakt.

Han viser til at byar som Oslo og Trondheim har forplikta seg til å kutte 90 prosent i utsleppa innan 2030, og at dei har kopla det direkte opp mot budsjettet for 2016. Det burde også regjeringa ha gjort, meiner MDG-leiaren. Han finn ingen klare forpliktingar til klimakutt i budsjettet for 2016.

Glede i NAF etter avgiftsomlegging

Glad for flyseteavgift

Trine Skei Grande

Venstre-leiar Trine Skei Grande (V) meiner budsjettet har ein god miljøprofil.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Hansson er glad for at flyseteavgifta er teken inn i budsjettet igjen, men han meiner avgifta på 85 kroner pr. sete kunne ha vore langt høgare. Han meiner sjølv at 300 kroner på innanlandsflygingar og 600 kroner på internasjonale flygingar kunne vere meir passeleg.

– Ei slik satsing ville gitt ei inntekt på 9,5 milliardar kroner. Det hadde vore nok til å dekke inn heile flyktningkrisa, seier Hansson til NRK.

Han gav likevel ros til Venstre og KrF for å ha greidd å forhandle fram av eit budsjett som er langt betre enn utgangspunktet til regjeringa på miljøfeltet.

I Aktuelt på NRK 2 i kveld var Hansson i debatt med Venstre-leiar Trine Skei Grande. Ho er klar på at det kjem til å bli kutt i klimagassutsleppa. Ho viste til at det blir stor satsing på jernbane, blant anna ved at det blir 20 prosent billegare togbillettar.

Høyre og Frp møter seg selv i døra om flyavgift

Slik har sentrum endret budsjettet

– Grønt næringsliv

Skei Grande nemnde også fleire tiltak som skal gjere det lettare å få til eit grønt næringsliv, og at alt no ligg til rette for eit grønt skifte i norsk politikk.

Tine Sundtoft

Miljøvernminister Tine Sundtoft (H) meiner budsjettet viser at dei borgarlege partia har den mest offensive miljøpolitikken.

Foto: Kari Løberg Skår

Miljøvernminister Tine Sundtoft (H) var også gjest i programmet. Ho avviste påstandane til Rasmus Hansson om at det norske budsjettet vil vekkje negativ oppsikt under toppmøtet i Paris.

– Dette budsjettet viser at det er på vår banehalvdel det blir ført ein offensiv miljøpolitikk, sa ho blant anna. Sundtoft minte om at det dei skal diskutere i Paris er utsleppsmål fram til 2020.

Og verre kan det bli

Byplanlegging

Statsråden minte om at Noreg har sett seg eit mål om å kutte 40 prosent i utsleppa innan 2040, og at regjeringa er i gang med det omfattande arbeidet som skal til for å greie å gjennomføre slike utsleppskutt, blant anna gjennom byplanlegging og utbygging av kollektivtrafikken.

AKTUELT NÅ