NRK Meny
Normal

– Bompengeauken svir for veldig mange familiar

Kirsten Elisabeth Lunde fekk stor merksemd då ho gjekk ut med knallhard kritikk av Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) på NRK Ytring denne helga. Tysdag møtte ho MDGs Lan Marie Nguyen Berg til debatt i Dagsnytt 18.

Kirsten Elisabeth Lund fekk stor merksemd då ho gjekk ut med knallhard kritikk av Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) på NRK Ytring denne helga. I kveld møtte ho MDGs Lan Marie Nguyen Berg til debatt i Dagsnytt 18.

VIDEO. Sjå debatten i Dagsnytt 18.

Kirsten Elisabeth Lunde meiner at auken i bompengesatsane som nyleg vart innført i Oslo, først og fremst rammar vanlege menneske som treng bilen for å få kvardagen til å gå rundt. Responsen på ytringa var enorm .

Ho viser til mange familiar med små born på austkanten som ikkje har råd til å kjøpe seg elbil.

– Dette er folk som kjøpte dieselbil då dette var rekna for å vere det mest miljøvenlege alternativet. Å auke ei bompengepassering frå 34 kroner til 59 kroner, det vil svi for veldig mange familiar i Oslo, sa Lunde blant anna i debatten.

– Arroganse

Ho var også sterkt kritisk til det å straffe folk i staden for å leggje ting til rette for å gjere det lettare for folk.

Lan Marie Nguyen Berg

Lan Marie Nguyen Berg er byråd for samferdsel i Oslo.

Foto: OLAV JUVEN / NRK

Ho tok opp at ho har oppfatta MDG som arrogante i denne debatten, og viste til ein del svar ho har fått frå partimedlemer i debatten på Facebook. Ho viste også til at folk ikkje køyrer mindre bil enn før bompengeauken.

Lan Marie Nguyen Berg frå MDG svarte på kritikken i ein kronikk på NRK.no i dag .

I Dagsnytt 18 forsvarte partiet sin politikk med at bompengane langt frå er avgjerande når det gjeld sosial utjamning i Oslo. Ho viste til at byrådet ho er ein del av har auka eigedomsskatten for dei dyraste bustadene og at dei har innført gratis kjernetid i barnehagane.

– Det er ei stor utfordring for oss at vi har for mykje trafikk. 200.000 menneske, ein tredel av innbyggjarane i Oslo, bur i område med stor luftforureining. Vi må få ned forureininga, og vi treng pengar til å byggje ut kollektivtilbodet, sa ho blant anna.

Sier endelig ja til utbyggingsplanene for E18

Nå blir det rushtidsavgift i Oslo

– Ein betre by

Det er også eit mål for byrådet å få fleire til å gå over til elbil.

– Trafikken er eit stort problem. Vi skal gi folk ein betre by å bu i, la ho til.

Høgre var eitt av partia som sikra fleirtal for Oslopakke 3, der dei kraftig auka bompengar i rushtida var eitt av punkta. Eirik Lae Solberg forsvarte at partiet røysta for dette forslaget fordi det var viktig å få til eit breitt fleirtal for ei nødvendig satsing på trafikken i hovudstaden.

– Vi er med, men vi vurderte å bryte forhandlingane. Vi greidde å få ned bompengetakstane frå eit forslag på om 80 kroner pr. passering. Vi greidde også å sikre pengar til utbygging av E18, sa Lae Solberg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger