NRK Meny
Normal

– Arbeidstida er ikkje til sals

Både lønnskrav og arbeidstid for lærarane blir tema i meklinga i kommuneoppgjeret. Unio åtvarar mot å tru at arbeidstida til lærarane er til sals.

Ragnhild Lied

STÅR PÅ KRAVA: – Lærarane vil ikkje la seg kjøpe for pengane, seier Ragnhild Lied.

Foto: Utdanningsforbundet

– Vi let oss ikkje kjøpe med pengar for å få på plass arbeidstidsavtalen for skuleverket, seier leiar i Utdanningsforbundet Ragnhild Lied til NRK.

Lærargeneralen Lied er også forhandlingsleiar for Unio kommune.

Brot for fire organisasjonar

I går ettermiddag braut ho og dei tre andre arbeidstakarorganisasjonane LO, YS og Akademikerne oppgjeret i kommunesektoren.

Dermed går oppgjeret til mekling. Det kan bli vrient.

Den økonomiske avstanden er stor: KS tilbaud eit oppgjer på 3,1 prosent, arbeidstakarorganisasjonane kravde 3,8.

Men i tillegg ligg den oppheita diskusjonen om lærarane si arbeidstid på bordet hos Riksmeklaren.

Den dreier seg om kor mykje lærarane skal vere på skulen i løpet av ein arbeidsdag og eit år, og kor mykje rektor skal ha rett til å styre over tidsbruken til lærarane.

Lønskrav og arbeidstidsdiskusjonen må ikkje sausast i hop, meiner Lied.

– Vi har vore tydelege på at vi skal ha ein sentral avtale som sikrar undervisningstida til lærarane. Dette skal ikkje vere i spel i meklinga, det er viktig for oss, seier Lied til NRK.

Dermed avviser ho at lærarane kan fire på prinsipp mot eit godt økonomisk oppgjer.

Les: Ytring: Lærerløft og arbeidstid

– For viktig

Per Kristian Sundnes

FORHANDLINGSLEIAR: Per Kristian Sundnes vil ikkje blande pengar og arbeidstid.

Foto: Johnny Syversen

– Eg trur vel arbeidstidsavtalen er for viktig for lærarane til at den kan kjøpast for pengar, seier Per Kristian Sundnes, forhandlingsleiar for arbeidsgjevarane i KS.

Også Sundnes seier at han vil at dette skal vere to tema som ikkje blir blanda saman hos Riksmeklaren.

– Vi jobbar seriøst med å få til det vi vil med arbeidstidsavtalen, og så jobbar vi med lønsforhandlingane ved sida av.

– Heilt uavhengig av kvarandre?

– Ikkje heilt uavhengig av kvarandre, men det kjem ikkje til å vere noko kjøpslåing eller miksing og triksing mellom desse to områda. Vi held på med dette parallelt.

– Kan ein halde dette frå kvarandre i ei mekling då?

– Det er ikkje noko problem. Men arbeidstidsavtalen er jo no ein del av meklinga. Så viss vi ikkje kjem til vegs ende med både arbeidstidsavtalen og med økonomien, så har vi ikkje noka løysing for lærarane.

Meklinga i kommuneoppgjeret startar måndag 5. mai, meklingsfristen er 25. mai.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger