Hopp til innhold

– Alle studentar må ut i praksis

NHO-sjef Kristin Skogen Lund vil at alle studentar skal ha tilbod om studiepoenggivande praksis i arbeidslivet som ein integrert del av studiet. Ho får tommelen opp frå både studentar og universitet.

NHO vil ha alle studenter ut i arbeidslivspraksis

UT I JOBB: NHO-sjef Kristin Skogen Lund (t.v.) vil at alle studentar skal gjera få same tilbod som student Kari Ranheim Lomen og få studiepoenggivande arbeidslivspraksis. Her saman med prorektor Gro Bjørnerud Mo ved Universitetet i Oslo.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Medan nokre institutt og høgskolar samarbeider med arbeidslivet og tilbyr studentane sine mange vekers praksis i løpet av studietida, går andre gjennom heile studiet utan kontakt med arbeidslivet. Det meiner Skogen Lund er beklageleg.

– Dei aller fleste kandidatar frå høgare utdanning skal ut i ein arbeidsmarknad utanfor akademia. Høgare utdanning må derfor vere tett kopla på arbeidslivet, seier NHO-direktøren til NRK.

Lovprisar praksisopphaldet

Kari Ranheim Lome er ein av dei som har vore ute i praksis som ein del av studiet, og Valdres-jenta ho lovprisar opphaldet utanfor Blindern, mellom anna i den norske FN-delegasjonen i New York

– Eg kom til ein veldig hyggeleg stad som eg fann ut at eg hadde veldig lyst å jobbe hos seinare, så det var fint å treffe blink. Men det er også generelt viktig å læra om arbeidslivet og kva som finst der ute, noko som ofte er vanskeleg å vita for ein bachelorstudent.

Slik ønskjer Skogen Lund at alle skal ha det. Og det er ikkje så viktig å hamna ein stad der ein skal vera for alltid i arbeidslivet, meiner ho.

– Eg trur det er viktig for studentane å ha tett kontakt med arbeidslivet, for ting endrar seg fort. Og når du kan bruka det du lærer i praksis, då lærer du endå betre, meiner ho.

Får betre studentar av arbeidspraksis

Prorektor Gro Bjørnerud Mo ved Universitetet i Oslo er også positiv til utspelet frå NHO.

Dette bli ikkje eit brot i utdanninga, tvert i mot vil kvaliteten på studentane bli høgare etter eit opphald i arbeidslivet, seier ho.

Joakim Ebeltoft
Foto: Bjørn Atle Gildestad

Joakim Ebeltoft studerer psykolog, og har ikkje arbeidspraksis i studiet. Han tok saka i eigne hender, og har saman med ein medstudent sett i gang undervisning i psykisk helse i ungdomsskolen.

Ja, vi meiner det er for lite om psykisk helse i skolen, men skulle gjerne hatt universitetet med på dette.

Treng øving i arbeid

Han blir glad nå han høyrer at NHO og Universitetet er samde om å senda langt fleire studentar ut i praksis i arbeidslivet.

Det er eg heilt samd i. Studentar er ein resurs som bør brukast meir, og vi er framtidas arbeidstakarar som treng øving i det vi skal driva med, seier han.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen trur ikkje det er mogeleg å sende alle studentar ut i praksis. Han er samd i at studentar bør få praksisplass, men trur det vil vere vanskeleg å få for alle.

– Eg trur ikkje det er nokon god ide å berre lovpålegge alle universitet og høgskolar å gjere dette, for da må vi også lovpålegge alle bedrifter å ta i mot studentar. Dette må gjerast gjennom samarbeid, seier kunnskapsministeren.

AKTUELT NÅ