– Absolutt fredsplikt i tre år

Både Norwegian-sjef Bjørn Kjos og leiaren for pilotane, Halvor Vatnar, er samde om at avtalen mellom partane etter streiken sikrar absolutt fredsplikt i minst tre år framover.

Kjos og Vatnar var gjestar hos Ole Torp i Aktuelt.

VIDEO: Bjørn Kjos og Halvor Vatnar gjestar hos Ole Torp i Aktuelt

Kjos og Vatnar sa dette i ein samtale med programleiar Ole Torp i Aktuelt på NRK2 i kveld. Kjos sa at dei har kome fram til ei akseptabel løysing, og at avtalen har gitt han som toppsjef den handlingsfridomen han treng for å utvikle selskapet vidare.

Halvor Vatnar sa at pilotane har fått garantiar om ei juridisk tilknyting til morselskapet, kombinert med ein garanti om at skandinaviske pilotar ikkje skal misse jobbane sine. Altså at dei skal flyge dei rutene dei gjer i dag.

– Berekraftig avtale

Bjørn Kjos kunne ikkje gi noko overslag over kor mykje pengar selskapet har tapt på streiken, men seier at tanken på at 200.000 passasjerar har vore ramma har halde han vaken om natta.

– Det viktigaste for oss er at avtalen er berekraftig, både for selskapet og for pilotane. Denne avtalen kan vi leve med og konkurrere med, for vi skal hugse at vi er i ein tøff bransje, sa Bjørn Kjos blant anna.

Halvor Vatnar fekk spørsmål om pilotane var urolege etter påstandar frå leiinga i Norwegian om dei risikerte å køyre heile selskapet i grøfta.

– Det er alvorleg å gå til streik, og vi må ta med alle vurderingar. Vi meiner det var heilt naudsynt å gå til streik slik situasjonen var, sa Vatnar.

God tone

Det var ein god tone mellom Kjos og Vatnar under heile seansen i studio hos Ole Torp, og dei var begge innstilte på at no skal dei utvikle selskapet vidare.

Vatnar seier at det viktigaste for pilotane har vore at dei framleis skal ha ei tilknyting til morselskapet, at rutene deira ikkje forsvinn og at dei skal følgje ansiennitetsliste ved tilsetjingar.

Kjos var klar på at Norwegian treng alle pilotane selskapet har i dag, og at det vil bli bruk for mange fleire pilotar i framtida. Norwegian har bestilt over 200 nye fly for levering dei nærmaste åra.

LES OGSÅ: – Normal trafikk onsdag ettermiddag

LES OGSÅ: – Endelig er streiken over

LES OGSÅ: Norwegian eneste flyselskap i regionen: – Vi har vært helt fortvilte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger