Hopp til innhold

– «Lucas» har blitt ei symbolsak

Hittil har verken tortur av hundekvalpar, kattebrenning eller alvorleg vanskjøtsel kvalifisert til den strengaste straffa i dyrevelferdslova. No kan drukninga av hunden «Lucas» bli vendepunktet.

En spesiell rettssak startet i Moss Tingrett i dag. En hundeeier står tiltalt for å ha bundet fast hunden sin til et betongrør og druknet dyret i en innsjø.

Hunden Lucas blei funnen død den 20. juli i fjor under Krapfossbrua i Moss, festa til eit betongrøyr. Dyrevernsalliansen håpar at Lucas-saka vil bli den første av mange saker der påtalemakta og domstolane legg seg på ei strengare linje.

Live Kleveland i Dyrevernalliansen

Live Kleveland i Dyrevernalliansen varsla for eitt år sidan Riksadvokaten om at rettspraksis i dyremishandlingssaker ikkje er i tråd med det straffenivået Stortinget har signalisert at ein skal leggja seg på.

Foto: Arne Vatnøy / NRK

Kvart år kjem det fleire alvorlege dyremishandlingssaker opp for norske domstolar. Ofte mistar dei skuldige retten til å ha dyr, må betala bøter eller får 1–2 månader fengselsstraff på vilkår.

Trass i at det er heile 13 år sidan Stortinget skjerpa øvre strafferamme i grove dyremishandlingssaker frå eitt til tre års fengsel, er det framleis ingen dyremishandlarar som har fått strengaste straff.

– Vilkåra som Stortinget har stilt for bruk av straff er rett og slett ikkje teke i bruk av påtalemakta og domstolen. Det er alvorleg, seier Live Kleveland i Dyrevernalliansen til NRK.

Torsdag starta rettssaka mot mannen som kan bli den første til å få tre års fengsel for grove brot på dyrevelferdslova.

– Lucas-saka er spesiell

Politiadvokat Morten Lundén i Moss tingrett

Aktor Morten Lundén seier at påtalemakta ser alvorleg på saka, og kjem truleg til å leggja ned påstand om fengselsstraff utan vilkår.

Foto: Kathrine Brønn / NRK

Ein mann i 20-åra frå Moss er tiltalt for å ha avliva hunden sin på ein måte som ifølgje påtalemakta medførte «unødvendig dødsangst og store smerter».

Mannen har innrømt at han i juli i fjor batt fast hunden sin Lucas til eit betongrøyr, kasta hunden frå 6,5 meter og ned i ein innsjø slik at den blei trekt ned mot botnen og drukna.

Lucas-saka er no blitt det Kleveland kallar ei symbolsak. Det er fordi den kjem i kjølvatnet av at Dyrevernalliansen for eit drygt år sidan gjorde riksadvokaten merksam på at rettspraksis i dyrevelferdssaker ikkje er i tråd med det straffenivået som Stortinget har ønska.

– Riksadvokaten reagerte sporenstreks med å senda ut brev til statsadvokatane om at straffenivået skal opp. Me ventar difor spente på resultatet i Lucas-saka. Me bør sjå at det blir teke i bruk høgare straffar både i denne og i framtidige saker, seier Kleveland.

Riksadvokaten stadfestar at dei har gitt klar beskjed til statsadvokatane om å ta denne saka på alvor.

– Me har understreka viktigheita av at strafferamma reflekterer dei politiske signala. Kompetansekrav, prioriteringar og straffenivået må følgjast opp nøye, seier Reidar Bruusgaard, førstestatsadvokat hos Riksadvokaten.

Saka går over to dagar i Moss tingrett og fredag blir det klart om påtalemakta legg ned påstand om tre års fengsel. Aktor har varsla at han vil leggja ned påstand om fengsel utan vilkår.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger