– Dette er definitivt ei riktig avgjerd, spesielt etter folkeavstemminga på søndag, seier colombianske Diego Martin Rios, som er med i støttegruppa for fred i Colombia, og har følgt prosessen tett.
Trass i at det colombianske folk for ei knapp veke sidan stemte nei til fredsavtalen mellom Colombias regjering og FARC, blei det i dag kunngjort at president Juan Manuel Santos får Nobels fredspris for innsatsen for fred i landet.
- Les også:
– Santos representerer heile landet for fred
Han viser til folkehavet i Colombias gater onsdag denne veka.
– Alle vil ha fred. det er framleis nokre spørsmål rundt avtala, men det er avtala frå Havana som må gjelde, seier Rios, som seier at denne prisen kjem til å hjelpe til med å få prosessen i Colombia i riktig retning.
Han har nett vore i kontakt med dei fem offera som også var nominerte til fredsprisen, som representantar for alle offera i den over 50 år lange borgarkrigen.
– Alle er einige om at dette var den rette avgjerda. Santos representerer no heile landet for fred, sjølv om også andre involverte var nominerte. Vi vil ha fred, dette er eit klarsignal frå det internasjonale samfunnet om at dette er den rette vegen å gå, og det er ingen i Colombia som kan dra oss tilbake inn i krigen.
Skulle gjerne sett prisen også gjekk til offera
Også leiar i støttegruppa, Andrea Ramirez, er glad, men også overraska. Både over at prisen gjekk til Colombia trass i nei-resultatet i folkeavstemminga, og over at prisen berre gjekk til den colombianske presidenten, og ikkje til Farc-geriljaen, den andre parten i avtala.
– Men når ein tenker seg om, spesielt med tanke på det som har skjedd i det siste, så kan det jo vere eigentleg ei grei løysing. Men vi skulle jo gjerne sett at den også gjekk til offera – og forhandlingsbordet.
Mange har trudd at nei-resultatet i folkeavstemminga førre helg kunne stikke kjeppar i hjula for ein fredspris til Colombia-avtala. Det same gjorde Ramirez, som er skuffa over at colombianarane stemte nei til avtala.
– Det var skuffande, men samtidig ser vi også at det er å be om veldig mykje. Dei fire åra det har vore forhandlingar har colombianarane følgt med og diskutert, men ein har ikkje gitt sin fulle tillit til at denne prosessen skal gå gjennom.
Ho peikar på at det ikkje er første gong FARC har sete seg ved forhandlingsbordet, til ingen nytte, så mange er framleis skeptiske.
– Det var ikkje før avtalen var signert at ein såg denne bølga av glede og støtte frå colombianarane.
Då ho snakka med NRK hadde ho endå ikkje fått kontakt med familien i Colombia, der det endå er tidleg på morgonen.
Trur at prisen vil bli godt motteke også i Colombia
Den colombianske journalisten Enrique Salinas som bur i Noreg trur at prisen vil bli godt motteke også i Colombia.
– Eg trur denne nyheita vil bli tatt godt imot av alle sider i det colombianske samfunnet.
Han hadde ikkje venta at prisen skulle gå til Colombia etter resultatet av folkeavstemminga. Heller ikkje at berre Santos skulle få prisen.
– Rodrigo Londono [Farc-leiaren, betre kjend under namnet Timoleon Jimenez, red.anm.] vil kanskje bli litt skuffa over å ikkje få prisen saman med Santos ettersom dei har gjort dette arbeidet saman, seier Salinas, som likevel meiner at også FARC bør vere glade for prisen.
Salinas minner om at også Noreg og Cuba har bidrege i forhandlingane.
- Les også: