Hopp til innhold

86 menneske skal ha drukna i båtulukke utanfor Syria

Talet på menneske som drukna då ein båt som frakta migrantar frå Libanon sokk utanfor den syriske kysten tidlegare i veka, skal no ha auka til 86.

Relatives, of those drowned when a boat they boarded sank off Syria's coast, mourn over the body of their loved one.

DRUKNA: Slektningar sørgar i ein av sjukebilane i Syria.

Foto: FATHI AL-MASRI / AFP

Det melder statleg TV i Syria laurdag morgon ifølge Reuters. 20 overlevande skal også vere innlagt på sjukehuset i den syriske byen Tartus, skriv BBC.

Styresmaktene i Syria seier båten inneheldt mellom 120 og 150 libanesiske, syriske og palestinske statsborgarar.

45 av båtpassasjerane skal ha vore barn, ifølge Reuters. Søket held fram i vatnet laurdag morgon.

Båten sokk torsdag, men det er framleis ukjent kva som forårsaka ulukka.

Libanesiske slektningar ventar på å få høyre identiteten til dei som har drukna.

Libanesiske slektningar ventar på å få høyre identiteten til dei som har drukna.

Foto: FATHI AL-MASRI / AFP

Ferda skal ha starta i byen Minyeh, som ligg nær den libanesiske hamnebyen Tripoli, før ulukka skjedde nær den syriske øya Awad, fortel styresmaktene vidare.

Dei trur at båten var på veg til Kypros.

Det syriske nyheitsbyrået Sana melder at styresmaktene skal sende dei døde menneska dei ikkje har namn på til grensa, slik at dei kan bli identifiserte av Raudekrossen i Libanon.

– Vi har ingen andre enn gud

Ein av dei som drukna skal vere Mustafa Misto. Slektningar hevdar han var til stades på båten saman med kona si og deira tre små barn, melder Reuters.

Nyheitsbyrået møtte familien hans i det fattige bustadområdet Bab Al-Ramel i Tripoli.

– Vi har ingen andre enn gud, skal ein eldre slektning ha svart då sørgande i den nordlege byen kom for å kondolere.

Mother of Mustafa Misto, a Lebanese man who, with his wife and three young children, was on the migrant boat which according to Lebanese and Syrian officials sank off the Syrian coast after sailing from Lebanon, walks by the help of men

Mor til Mustafa Misto, som skal ha vore på båten med kona si og dei tre barna deira.

Foto: MOHAMED AZAKIR / Reuters

Bilete frå den syriske kysten viser ei stor folkemengde som ber ein tildekt kropp på ei båre. Nyheitsbyrået skriv at dette er Misto.

Skal ha reist i ein liten trebåt

Det er ikkje ukjent at båtar lasta med migrantar blir utsett for ulukker på ferda vekk frå Libanon, som husar kring 1.5 millionar syrarar, ifølge FNs høgkommisær for flyktningar.

Samtidig har landet vore i stor økonomisk krise dei siste tre åra, som er ein av dei største verda har sett nokosinne. med høge fattigdomstal blant dei 6.5 millionane som bur der.

Talet på menneske som har forlate eller prøvd å forlate landet til sjøs var nesten dobbelt så høgt i 2021 som året før, fortel høgkommissæren vidare til Reuters.

Likevel er dette det høgaste dødstalet som er meldt frå ei av desse båtulukkene nokon gong.

Sørgande ber med seg ein av dei avdøde etter havariet.

Sørgande ber med seg ein av dei avdøde etter havariet.

Foto: FATHI AL-MASRI / AFP

Den libanesiske transportministeren, Ali Hamieh, seier til Reuters at det er snakk om ein «veldig liten» trebåt som sokk utanfor den syriske kysten.

Hamieh seier at slike turar skjer nesten kvar dag, i regi av folk som ikkje bryr seg om tryggleiken til dei som blir transporterte.

– Vi meiner at sjansen for å finne fleire overlevande er liten på dette tidspunktet, sa transportministeren fredag.

Han seier han har fått opplyst frå syriske styresmakter at det er fem eller seks libanesarar blant dei overlevande.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger