Hopp til innhold

85-åring akterutsegla på 17. mai – men kom fram før hurtigruta likevel

«Polarlys» var alt på god veg til Kristiansund då John frå Wales kom til kaia i Trondheim. Kona Margareth var igjen om bord. Då stod dei gode hjelparane fram ein etter ein.

John (85) i styrhuset på hurtigbåten

John frå Wales fann seg godt til rette i styrhuset på hurtigbåten «Terningen» mellom Trondheim og Kristiansund.

Foto: Arve Svenning

John og Margareth var på veg sørover med «Polarlys» då dei under stansen i Trondheim 17. mai på morgonen, tok seg ei spasertur i trønderhovudstaden. Så vart Margareth litt sliten og gjekk tilbake til skipet, medan John ville sjå litt meir av byen.

– Ikkje gløym at skipet har avgang klokka 12, sa Margareth til husbonden.

John rusla vidare i det fine vêret og hadde stor glede av å sjå på den norske 17. mai-feiringa. Så litt før lokka 11 var han på plass på hurtigrute-kaia, berre for å oppdage at «Polarlys» ikkje var der.

La igjen telefonen om bord

Arve Svenning

Kaptein Arve Svenning på hurtigbåten «Terningen» sytte for at den akterutsigla walisaren kom seg til Kristiansund.

Foto: Kystekspressen

Det viste seg at sørgåande hurtigrute går klokka 10 frå Trondheim, og at dei hadde gjort fleire forsøk på å få tak i John. Men han hadde lagt igjen telefonen om bord, så det var ikkje så lett. Ikkje hadde han høyrt den ekstra tutinga frå skipet heller, men det var kanskje ikkje så rart. Norsk 17-mai-feiring er ikkje akkurat lydlaus.

Men den akterutsigla walisaren var ikkje rådlaus. Han fekk tak i ein bussjåfør, Mikael Ferm, og spurde han om råd. Han visste at det gjekk ein hurtigbåt som skulle til Kristiansund om ikkje så lenge, og at denne skulle vere framme i nordmørsbyen før hurtigruta.

Ferm viste 85-åringen vegen til hurtigbåtkaia, og der var kaptein Arve Svenning på hurtigbåten «Terningen» klar til å hjelpe den uheldige turisten med turen til Kristiansund. Han fortel til NRK at John var mest bekymra for kona Margareth.

«I bet she is scared now» (Eg reknar med at ho er redd no), sa han, ifølgje Svenning.

Hurtigbåten passerer hurtigruta.

John viftar med det norske flagget til kona Margareth om bord på «Polarlys».

Foto: Arve Svenning
Margareth viftar med det norske flagget.

Og Margareth viftar tilbake frå akterdekket på «Polarlys».

Foto: Arve Svenning

Lettare stemning

Svenning fortel at dei ringde til hurtigruta, og der fekk dei tak i Margareth slik at det britiske ekteparet fekk snakke saman. Etter den samtalen vart stemninga atskilleg lettare, seier Arve Svenning.

Han fortel at han avtalte med kapteinen på «Polarlys» at dei kunne passere hurtigruteskipet ganske nær på babord side når hurtigbåten nådde dei igjen. Han avtalte med hurtigruta at dei skulle få Margareth ut på dekk når dei passerte. Sjølv skulle han overlate spakane på hurtigbåten til styrmann Tanja Kotte og ta med John ut på dekk.

Så fekk ekteparet vinke til kvarandre frå kvart sitt fartøy med kvar sitt norske flagg.

Resten av turen til Kristiansund fekk John sitje komfortabelt i styrhuset saman med kaptein Svenning og styrmann Kotte.

– Vel framme i Kristiansund viste eg han kvar hurtigruta legg til. Eg gjorde det klart for han at «Polarlys» kom til å gå frå byen klokka 17, og at han måtte møte opp i god tid, fortel Svenning.

John fotografert frå hurtigruta.

John med flagget fotografert frå hurtigruteskipet «Polarlys».

Foto: Hurtigruta

– Stolar ikkje på kona lenger

– Sjølv om eg er 85 år, så er eg framleis i stand til å ta lærdom. I dag har eg lært at eg aldri skal stole på kona når ho fortel meg når skipet skal gå, sa John med eit smil. Han la likevel til at han var litt uroa for at kapteinen på «Polarlys» skulle vere sur på han.

– Det er det ingen fare for. Kjenner eg kaptein Hermod Nilsen rett, så skal nok dette gå heilt fint, sa Svenning til 85-åringen.

Arve Svenning legg til at John var ein svært hyggjeleg mann.

– Det var ei fin avveksling for oss om bord. Men vi gjorde eigentleg berre jobben vår, både bussjåføren, vi og mannskapet på hurtigruta, avsluttar han.

AKTUELT NÅ