NRK Meny
Normal

800 nye i streik frå måndag

Vektarane i Norsk Arbeidsmandsforbund varslar at 800 nye vektarar vil bli tekne ut i streik førstkomande måndag.

Video Vekter-streiken trappes opp

Video: Desse flyplassane blir ramma frå måndag.

Desse flyplassane er ramma

Erna Hågensen

Erna Hagensen er leiar i Norsk Arbeidsmandsforbund.

Foto: NRK

Leiaren i Norsk Arbeidsmandsforbund, Erna Hagensen, seier til NRK i kveld at flyplassane i Tromsø, Trondheim Værnes og Bergen Flesland vil bli ramma i det nye uttaket.

I alt vil det frå måndag vere 3300 vektarar i streik over heile landet.

Ho presiserer at det ikkje er alle vektarane ved desse tre flyplassane som blir tekne ut i streik, men ein del av dei.

Det blir tekne ut vektarar i streik på andre område enn flyplassar i åtte nye fylke. Det er Møre og Romsdal, Hedmark, Oppland, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.

I nokre av desse fylka er alt flyplassar ramma, men i det nye streikeuttaket blir også andre samfunnsområde ramma.

Direktør i NHO Service, Petter Furulund, seier bedriftene ikkje har pengar til å betale det vektarane krev, og at denne opptrappinga gjer at det blir naudsynt med tvungen lønnsnemnd.

Video Klar beskjed frå streikande vektarar i Oslo i ettermiddag

LES OGSÅ: Stor streikevilje blant vektarane

LES OGSÅ: Avviser streikebryteri på Gardermoen

- Viktig rolle

LO-leiar Roar Flåthen peikar på at vektarane har ei viktig rolle i samfunnet, og at dei får dårleg betalt i forhold til ansvaret.

LO-leder Roar Flåthen

LO-leiar Roar Flåthen meiner vektarane ikkje får betalt i forhold til ansvaret dei har.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Streiken har alt fått store konsekvensar. I dag gjekk fleire minibankar tomme for pengar, og bankane oppmodar folk om å bruke mest mogleg kort. Også flytrafikken er ramma.

Opptrappinga i dag har ført til at flytrafikken frå Nord-Noreg og søropver langs kysten i all hovudsak har stansa opp. Kristiandsand Kjevik er stengd, medan Stavanger Sola har redusert trafikk.

Ved Oslo lufthamn Gardermoen har det stort sett gått greitt i dag, trass i at fleire vektarar vart tekne ut i dag tidleg.

Petter Furulund

Petter Furulund er direktør for NHO Service.

Foto: NRK

Petter Furulund i NHO Service seier at dette skuldast at fleire hundre vektarar er organiserte i eit anna forbund enn Arbeidsmandsforbundet, eller er uorganiserte. Han seier likevel at tilbodet til dei reisande kjem til å bli gradvis dårlegare.

LES OGSÅ: Vekterstreiken rammer kulturlivet

LES OGSÅ: Opptrapping av vekterstreiken fører til køer på flere flyplasser

Tomme minibankar

Norsk Verdi, som står for fylling av 70 prosent av minibankane her i landet, stansa i dag utkøyringa av pengar etter at vektarane i selskapet vart tekne ut i streik. Dette vil ramme bankar og næringslivskundar over heile landet. Det har alt kome meldingar om tomme minibankar fleire stader i landet.

Etter opptrappinga av streiken i dag er det meste av trafikken stansa ved desse flyplassane:

Kristiansand, Ørsta/Volda, Kristiansund, Harstad/Narvik og Lakselv. Frå før er flyplassane i Haugesund, Førde, Molde, Stokmarknes og Hammerfest ramma av streiken.

LES OGSÅ: Dette har du krav på under streiken

Nasjonalgalleriet

Samstundes er Nasjonalgalleriet, Arkitektmuseet og fleire andre institusjonar utan vakthald på grunn av streiken.

Petter Furulund sa tidlegare i dag at ei ny opptrapping av streiken vil få store samfunnsmessige konsekvensar, og at desse etter kvart blir så store at styresmaktene må gripe inn med tvungen lønnsnemnd.

- Eg trur det sit langt inne, og vi er ikkje der enno, sa han då.

LES OGSÅ: Opptrapping av vekterstreiken fører til køer på flere flyplasser

LES OGSÅ: Normal situasjon på Oslo Lufthavn


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger