Hopp til innhold

80 vil sjå Breivik i dagens fengslingsmøte

For tre månader sidan konfronterte ei 16 år gamal jente frykta og såg Anders Behring Breivik i augo for første gong sidan Utøya-massakren. Ho angrar i ettertid, og slit framleis med dødsangsten.

Utøya fengslingsmøte terror Breivik

Dette biletet er frå det første opne fengslingsmøtet i terrorsaka, i november i fjor. Då møtte rundt 30 pårørande og overlevande opp for å sjå Breivik. Krisepsykolog Atle Dyregrov tilrår dei som slit i utgangspunktet å tenkja seg godt om før dei i dag går inn i rettssalen der massedrapsmannen blir framstilt.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Den anonyme AUF-jenta frå Austlandet var ein av 30 fornærma og etterlatne som var til stades i Oslo tingrett under førre fengslingsmøtet i november i fjor.

I dag kjem heile 80 pårørande, etterlatne og overlevande etter terroren 22.juli til tinghuset i hovudstaden for å sjå massedrapsmannen.

16-åringen er usikker på om det var riktig for henne å sjå Breivik i augo att. Ho har hatt det så tungt i ettertid, at foreldra hennar ber om at ho får fortelja om sine erfaringar utan namn og bilete.

– Det var godt å sjå han fengsla, men samstundes rippa det opp i vonde minne. Eg har angra litt i ettertid, og ville nok ikkje ha gått i fengslingsmøtet dersom eg kunne ha teke det valet på ny, seier den unge jenta.

Også leiaren i Telemark AUF,Tim Viskjer, sit att med blanda kjensler etter å ha delteke på fengslingsmøtet.

– Det var både godt for meg og kanskje litt dumt. Det gode var at eg kom over redselen for å sjå han att med eigne auge. Men i ettertid har det vore ganske tungt. Det gjekk liksom opp for meg då at eg er involvert i ei rettssak mot ein av dei mest forhatte personane i Noreg, ein mann som har drepe venene mine, fortel 19-åringen.

Oslo tingrett

Pressefolk i kø før fengslingsmøtet i Oslo tingrett den 14.november i fjor.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

– Mental førebuing før rettssaka

I tillegg til dei 80 fornærma og etterlatne, kjem 25 bistandsadvokatar og fleire støttepersonar og vergar til fengslingsmøtet måndag. I tillegg er meir enn 160 mediefolk frå inn- og utland akkrediterte.

Det er sett av fire salar: eitt til sjølve møtet, eitt til presse, eitt til publikum og eitt til fornærma. Det blir overført lyd og bilete frå hovudsalen til dei tre andre salane. Breivik har varsla at han ønskjer å halda ein tale under fengslingsmøtet, no som sist.

Atle Dyregrov

– Det er eit tviegga sverd å vera til stades under slike møter i rettsprosessen, seier Atle Dyregrov, leiar for Senteret for Krisepsykologi i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Ifølgje krisepsykolog Atle Dyregrov er det naturleg at langt fleire overlevande og pårørande ønskjer å vera til stades denne gongen, ettersom hovudforhandlingane nærmar seg med stormskritt.

For svært mange nordmenn blir nemleg den ti veker lange rettssaka som salt i eit ope sår og ei tøff påkjenning. Både gjerningsmannen og fleire titals vitne skal fortelja i detalj om dei kaldblodige drapa på 77 uskuldige menneske.

– Mange vil nok nytta dette fengslingsmøtet som ei mental førebuing før den tunge perioden dei går i møte med rettssaka frå april og utover. Andre har rett og slett ikkje kjent seg klare til å foholda seg til han som person før no, seier Dyregrov, som er leiar for Senteret for Krisepsykologi i Bergen.

– Trong å sjå han i ein usikker posisjon

Den 16 år gamle jenta gøymde seg ved vasskanten, få meter frå pumpehuset på Utøya under massakren 22.juli. Frå skjulestaden sin såg ho mange vener bli drepne, før Breivik fekk auge på henne. Han sikta, men måtte lada om våpenet. Det redda livet hennar.

– Eg ville sjå han i rettssalen for å viska vekk biletet av han som stod og sikta på meg med pistolen på Utøya, seier ho.

Tre månadet etter at ho såg Breivik i Oslo tingrett, slit ho framleis med dei vonde minna. Frykta sit langt inne. Konfrontasjonen i fengslingsmøtet har ikkje fjerna den, slik ho hadde håpa.

Også med-AUFar Viskjer kjende frykta venda tilbake med det same han såg Breivik. Han har likevel ikkje angra på at han møtte opp i rettslokalet den dagen.

– Nei, eg hadde behov for det. Eg trong å sjå han i ein usikker posisjon medan eg sjølv sat trygt. På den måten kom eg eit steg vidare og føler meg meir førebudd før rettssaka i april, seier 19-åringen.

Tim Viskjer

Leiaren i Telemark AUF, Tim Viskjer kjenner seg betre førebudd før rettssaka i april etter sin konfrontasjon med Breivik under førre fengslingsmøte.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Eit tvieggja sverd

Krisepsykologen Dyregrov sit også i samordningsorganet som gjev Helsedirektoratet innspel til råd om psykisk oppfølging etter 22.juli.

Spesialisten seier det ikkje går an å gje generelle råd om korleis dei terrorråka skal forholda seg til rettsprosessen i terrorsaka.

– Det er eit tviegga sverd å vera til stades i slike møter og rettssaker. Nokon mestrar sorgen og dei vonde minna gjennom å veta mykje, medan andre greier seg best ved å veta så lite som mogleg. Det er veldig individuelt, seier Dyregrov.

Ved å sjå og høyra gjerningsmannen i ein rettssal kan Utøya-overlevande få eit anna, mindre skremmande bilete av han enn det som brann seg fast i minnet etter opplevingane 22.juli. For etterlatne kan det å sjå den som drap deira kjære vera føremålstenleg når dei skal bearbeida sorgen, ifølgje krisepsykologen.

Men ein slik konfrontasjon kan også setja i gang nye reaksjonar som forsterkar dei vonde og såre kjenslene, og som vert vanskelege å kontrollera.

– Kjenn etter

Tegning av Anders Behring Breivik

Teikning av Anders behring Breivik frå førre fengslingsmøte.

Foto: Esther Maria Bjørneboe (rettstegning)

– Mitt råd er å avgrensa eksponeringa, særleg om du slit i utgangspunktet. Det gjeld også med tanke på den kommande rettssaka. Ein kan få med seg dei viktigaste oppsummeringane utan å vera til stades i rettslokalet, seier Dyregrov.

Sjølv om Utøya-overlevande Tim Viskjer meiner det har gjort han godt å sjå Breivik i augo att, vil han tilrå andre som vart direkte råka av terroren 22.juli å ta ta ei sjølvstendig vurdering.

– Kjenn etter om du er klar for det. I tillegg er det ekstremt viktig å sørgja for at ein har eit nettverk av familie og vener rundt seg som ein kan snakka med etterpå. Å snakka ut om det var avgjerande for meg, seier Viskjer.

Den anonyme 16-åringen støttar seg til krisepsykologen si tilråding.

– Dersom ein har blanda kjensler, ville eg ikkje ha gått dit. Sjokket kan bli stort, seier ho

Under dagens fengslingsmøte vil påtalemakta be om 12 nye veker i varetekt for Breivik. Fengslingsmøtet blir det siste før rettssaka som startar 16.april.


AKTUELT NÅ