NRK Meny
Normal

Nordmenn sender direktebilete frå eigen heim, utan at dei veit om det sjølve

Ei nettside med lenker til 73 011 usikra tryggingskamera i 256 land ligg opne på nettet. 77 av desse er webkamera som viser stover, soverom og hagar til familier over heile Noreg.

Nettside viser usikra webkamera.

Ei side som viser 77 ulike webkamera i frå norske heimar ligg ute på nett.

Sida listar opp svært nøyaktige GPS-koordinatar for kvar kameraet befinn seg, postnummer, tidssone og kva slags merke webkameraet er, skriv ein brukar på nettstaden www.networkworld.no.

Dersom standard brukarnamn og passord ikkje er endra på kamera blant anna frå produsentane Foscam, Linksys og Panasonic, kan kyndige folk enkelt finne ut av desse og ta seg ulovleg inn og få tilgong til webkameraet, skriv nettstaden.

Fleire av kamera er frå norske heimar

77 av alle kamera som ligg ute, er frå ulike stader i Noreg. Fleire kamera viser bilete frå bak diskane på ulike butikkar, kioskar og parkeringsområder, men også norske heimar.

Eit kamera viser inngongspartiet på eit hus, eit anna viser ein hage, og opptil fleire viser bilete frå kamera som ser ut til å vere frå ulike rom i folk sine private heimar.

Landet med flest tilgjengelege kamera er USA, med 11 046 opne og tilgjengelege webkamera. Fleire av desse er plasserte på soverom, barnerom og i stover, og kjem tett på eigarane som lett kan verte identifiserte.

– Folk er for sløve

– Verda har endra seg, og vi tek i bruk stadig meir kompleks teknologi, og ikkje alle er merksame på at denne kompleksiteten krevjer noko av dei, fortel Gisle Hannemyr, universitetslektor ved institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo.

Han vil ikkje kalle folk naive, men han seier at folk må lære seg meir om korleis vi brukar desse kompliserte dingsane som er kopla til nettet.

Gisle Hannemyr

Gisle Hannemyr meiner folk må verte flinkare til å lese bruksanvisningane på det tekniske utstyret dei kjøper.

Foto: Privat

– Følg det som står i bruksanvisninga. Folk må kome seg på nett første gongen, og brukar då eit standardpassord frå manualen. Deretter er det meininga at ein skal endre passordet til noko anna. Det er ikkje vanskelegare enn det, fortel Hannemyr.

Dei som er råka veit ikkje om det

Dei fleste som kjøper teknisk utstyr som skal koplast mot nett, har kamera på i god tru om at det berre er dei sjølve som har tilgong til bileta.

- Dette er svært uheldig for dei som er råka, også fordi dei sjølv ikkje er klar over dette, seier Tone H. Bakås, som er konstituert direktør i Norsk Senter for Informasjonssikring (NorSIS).

Bakås seier at NorSIS ikkje kjenner til akkurat dette tilfellet, men at dei har høyrt tallause liknande tilfelle. Også ho oppmodar dei som er råka til å skifte passord med ein gong.

- Dei kan også ta kontakt med leverandøren, dei har også eit ansvar for å hjelpe kundane i slike situasjonar, fortel Bakås.

Ho legg til at ein kan melde det til politiet, men at det er omtrent umogeleg å få tak i dei som står bak.

Saka held fram under biletet.

Tone Hoddø Bakås

Tone H. Bakås i NorSIS synest saka er ekstra uheldig med tanke på at dei som er råka ikkje er klar over at private webkamera ligg opne for alle å sjå på nettet.

Foto: Ida Hjerkinn

– Vi kan ikkje bli paranoide nok

Hannemyr seier det berre er fantasien som set grenser for kva slags fantestrekar folk kan finne på når dei får kontroll over nettilkopla utstyr. Og første bud bør vere å lese bruksanvisninga nøye, meiner han.

– Ein treng ikkje vere ein god hackar for å kome seg inn på slike duppedittar som til dømes webkamera, ofte oppdagar produsenten ei svakheit i softwaren, og sender ut ei oppmoding om å oppdatere. Men mange installerer dingsen dei har kjøpt, og er nøgde så lenge den fungerer slik den er meint, seier Hannemyr.

Varmeomnar kan vere kjelde til bankinnbrot

Gisle Hannemyr seier at dette ikkje berre gjeld webkamera. Mange har no fjernstyrte varmeomnar på hytta dei kan skru på og av via mobilen. Hannemyr seier at alt dette kan uvedkomande kome seg inn på, dersom ein ikkje har sikra det godt nok.

– I verste fall kan hytta brenne ned, du kan få ei kjemperekning, eller så kan uvedkomande kome seg inn på det trådlause nettet og slik få tilgong til nettbanken din, dersom du sjekkar den via det trådlause nettet som varmeomnen er kopla til, seier Hannemyr.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger