– Det har vore eit problem ganske lenge, og vi håpar at auka dialog og samarbeid med dei ulike aktørane vil lette flyturen for dei som slit med allergi, seier helsefagleg rådgjevar i Astma- og allergiforbundet (NAAF), Anna Bistrup.
Dei meiner at kjæledyr kan vere i lasterommet, medan eigaren sit i kabinen.
– Det er ikkje valfritt å vere allergisk, men ein kan velje om ein tek med seg dyret sitt på flyturen, seier ho.
Tidlegare ville dei forby dyr på fly, men det har forbundet no gått vekk ifrå. Dei vil ha alle i lasterommet.
– For strengt regelverk
I LASTEN: Helsefagleg rådgjevar i Astma- og allergiforbundet (NAAF), Anna Bistrup, seier dei vil ha dyra i lasterommet under flyturane.
Foto: Line Fosse Vogt / NRKFor oppdrettar Thorstein Moschko og dobermannen Chika er flyturen krevjande. For hunden er nervøs, og vert stressa av å ikkje kunne vere med eigaren sin.
– Eg meiner det er for strengt regelverk her, seier han medan Chika spring rundt føtene hans.
Flyselskapet SAS er vande med å ha dyr med om bord. I løpet av eit år har dei opp til 50 000 dyr med på turar. I Norwegian flyr dei 20 000 kvart år.
– To dyr kan vere med i kabinen på ein flytur i tillegg til servicehundar som blindehundar, seier Knut Morten Johansen, informasjonssjef i SAS.
– Kor mange servicehundar kan vere med?
– Det er ikkje ei spesiell grense på det, seier Johansen
FORTVILA: Hundeoppdrettar Thorstein Moschko synest regelverlet i Noreg er strengt, og ville helst ha hatt hunden Chika ved sidan av seg i kabinen på flyturen til Bardufoss frå Oslo.
Foto: Line Fosse Vogt / NRKHan seier dei har god erfaring med å halde dyra i lasterommet der det er lika temperatur og likt støy som inne i kabinen.
- Les også:
Første mann til mølla
– Vi forstår forbundet si haldning til dyr i fly, og difor har vi avgrensa talet som er lov å ha kabinen. Og er folk allergiske er det svært viktig at dei gjev beskjed til oss.
– Er allergikarane flinke nok til å gje beskjed?
– Nei, dei kan godt bli flinkare.
50 000 DYR: - Vi har opp mot 50 000 dyr på våre turar i året, og har god erfaring med det, seier informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen.
Foto: BJORN H STUEDAL / BJORN H STUEDAL www.stuedal.noFor flyselskapet har førstemann til mølla-prinsipp på sine flyturar.
– Er det ein allergikar som har booka billett først og gjeve oss beskjed om allergien, vil vi avvise ein hundeeigar på same flyet som bestiller seinare, seier han.
Astma- og allergiforbundet ønskjer at flyselskapa skal vere tydelege på informasjonen sin, og til dømes gje beskjed til reisande om at det er ein blindehund om bord.
– For ein med allergi vil ein flytur med ein hund eller katt i same kabin bli ganske ubehageleg. Kløe, rennande auge og nase, elveblest, nysing og ubehag ved svelg er vanlege plager. Dei med astma kan oppleve piping i brystet og bli trøytte, seier Bistrup i forbundet.
- Les også: