NRK Meny

– Barnevernsborn får ikkje den helsehjelpa dei har krav på

Sju av ti ungdommar på norske barnevernsinstitusjoner har ei psykisk liding. Berre litt over ein tredjedel av desse får den behandlinga dei treng.

Bare ein av tre barnevernsbarn med psykiske lidingar får hjelpa dei har krav på.

Berre kvar tredje barnevernsborn med psykiske lidingar får den behandlinga dei har krav på, synar ein ny rapport.

Artikkelen er mer enn to år gammel.

I ein ny forskingsrapport kjem det fram at heile 76 prosent av ungdommane i barnevernsinstitusjonane oppfyller krava til ein psykiatrisk diagnose i løpet av dei tre siste månadane.

HØGE TAL: 7 av 10 ungdommar oppfyller krava til ein eller fleire psykiatriske diagnosar.

– Dette er svært høge tal. Viss ein ser på born og unge elles - så finn ein at dei gjennom heile livet har mellom fem til sju prosent førekomst av psykiske vanskar, seier, førsteamanuensis ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge i Midt-Norge, Nanna Sønnichsen Kayed, som leia forskingsprosjektet.

– Fell mellom to stolar

I fem år har forskarar ved NTNU arbeidd med å kartlegge den psykiske helsa til unge mellom 12 og 20 år som bur på norske barnevernsinstitusjonar.

Rapporten slår fast at ungdommane ikkje får den hjelpa dei har krav på. Berre 38 prosent har fått behandling for lidingane sine dei siste tre månadane.

– Det er helsevesenet som må gje dei den behandlinga dei har rett på. Dessverre er det eit veldig separat system og lovverk når det kjem til kven som har omsorgen for borna, og kven som har ansvar for helsehjelpen.

Nanna Kayed

– Borna fell mellom to stolar, seier Førsteamenuensis Nanna Sønnichsen Kayed ved Det medisinske fakultet på NTNU.

Foto: Frode Jørum / NTNU
Haakon Cederkvist, einingsleiar Lierfoss ungoms- og familiesenter

Haakon Cederkvist, einingsleiar for Lierfoss ungdoms- og familiesenter (Bufetat, region øst).

Foto: Randi Elise Midtskog / NRK
Solveig Horne

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister, Solveig Horne.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Liten kompetanse

– Dei tilsette ved barnevernsinstitusjonane er primært utdanna i miljøterapi. Dei er ikkje trena i å oppdage eller behandle psykiatriske diagnosar, seier Kayed.

Rapporten peikar på at talet på dei som får behandling er alt for lågt i lys av dei alvorlege diagnosane.

Hyppigaste diagnosar
Foto: Grafikk: Mari Grafsrønningen

– Vi håper at myndigheitene tar tak i dette, og sørger for ei betring.

– Slit meir no enn tidlegare

Haakon Cederkvist, einingsleiar ved Lierfoss ungdoms- og familiesenter i Aurskog, har jobba på same barnevernsinstitusjon i snart 30 år – og ser at ungdommane har større vanskar no enn før.

Han meiner dei hjelper ungdommane på ein god måte i institusjonen, men at dei ofte opplever at det tar for lang tid før dei får tilpassa hjelp frå spesialisthelsetenesta.

– Ofte blir vi litt utålmodige og kunne ønskje at spesialhelsetenesta agerte raskare når vi ser at ungdommane våre treng behandling, seier Cederkvist.

– Svært alvorlege funn

Barne-, likestillings og inkluderingsminister, Solveig Horne, meiner rapporten tydeleg viser behovet for eit betre samarbeid mellom barnevern og helse.

– Eg har saman med Helseministeren bedt direktorata sjå på kva for strukturar og rutinar som må på plass for å betre helsetilbodet til barnevernsborn.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger