Hopp til innhold

6,8 milliardar NAV-kroner til utlandet i 2013

I 2013 tok imot 87 907 personar som er busett i utlandet, utbetalingar frå NAV. Det viser ein gjennomgang av alle utbetalingane for ytingar i 2013. Polen er den største mottakaren av pengar som er betalt til utanlandske statsborgarar i utlandet.

Magne Fladby

6,8 milliardar kroner av norske velferdsytingar i 2013, vart utbetalt til personar busette i andre land, seier Magne Fladby i NAV.

Foto: Hanna Seferowicz / NRK

1,9 prosent av dei samla utbetalingane frå NAV i 2013 gjekk til personar som er busette i utlandet.

– Personar som er busett i utlandet tok imot 6,8 milliardar kroner frå NAV i 2013. Dette utgjer mindre enn 2 prosent av samla utbetalingar det året. Det seier Magne Fladby som er fungerande ytingsdirektør i NAV.

Utanlandske statsborgarar som har arbeidd i Noreg i meir enn 3 år har krav på norske velferdsytingar.

98,5 prosent av alt som vart utbetalt av velferdspengar i 2008 gjekk til folk busett i Noreg. i 2013 hadde dette minka til 98,1 prosent.

Den samla utbetalinga til utlandet auka frå 2,2 milliardar kroner i 1998, til 4,2 milliardar kroner i 2008, målt i 2008-kroner. No har altså dette auka til 6,8 milliardar kroner.

455 millionar kroner til Polen

82 prosent av alle utbetalingane til utlandet skjedde til land i Europa. Sverige er landet der mottakarane til saman fekk utbetalt det største beløpet, over 2,4 milliardar kroner. Deretter kjem Spania med 835 millionar kroner. I begge desse landa er norske statsborgarar i fleirtal blant mottakarane.

Polen kjem som nummer fire med 455 millionar. Men til gjengjeld var 94 prosent av mottakarane av ytingar i Polen utanlandske statsborgarar.

EØS-reglane sikrar at alle frå EØS-området som jobbar her i landet, har rett på kontantstøtte til borna sine, same om borna bur her i landet eller i Polen.

Kontantstøtta blir gitt til eittåringar, som ikkje har heiltidsplass i barnehage. I Noreg blir dette nøye kontrollert, men ikkje i utlandet. Støtta er verd langt meir i Polen enn her i landet.

Polske arbeidarar i Noreg utgjer to tredelar av utlendingane som sender kontantstøtte til familien i heimlandet.

Får stønad i norske kroner

Stønadar vert utbetalt utan omsyn til løns- og prisnivået i det landet mottakaren har busett seg. Kostnadsnivået i Polen er under halvparten av det det er i Noreg.

Det kostar altså 46 norske kroner å kjøpe det same i Polen som ein må betale 100 kroner for i Noreg.

Dagpengar og kontantstønad til utanlandske statsborgarar i utlandet

Ein kan få utbetalt barnetrygd for born som er busett i eit anna EØS-land enn Noreg, dersom ein av foreldra arbeider i Noreg, på norsk kontinentalsokkel eller på eit norsk skip.

3,7 prosent av dei samla utbetalingane av dagpengar frå NAV gjekk til personar som er busett i utlandet i 2013. Av desse, hadde 95 prosent utanlandsk statsborgarskap.

Av dei som tok imot kontantstønad i utlandet, var 91 prosent utanlandske statsborgarar.

Saka vert oppdatert.

AKTUELT NÅ