Hopp til innhold

65 maskinpistolar og 19 maskingevær – politiet ventar at talet vil stiga

Nå har du ei veke igjen til å levera inn ulovlege våpen straffefritt.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) held eit av dei amnesti-leverte skytevåpna inne på Oslo politikammer

FØREBYGGANDE: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) besøkte torsdag politihuset på Grønland i Oslo. Ho er glad for at politiet har fått inn fleire ulovlege våpen, då det kan førebygga kriminell bruk og ulykker.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Sidan første nyttårsdag i år har det vore våpenamnesti i Noreg.

Alle som har ulovlege våpen kan nå levera dei inn til politiet utan å bli straffa for det.

Men berre i ei veke til. Amnestiet er over etter 31. mai.

– Me er veldig glade for alle som ha nytta seg av moglegheita, seier seksjonssjef i Politidirektoratet Liv Aasberg Corneliussen.

I løpet av dei fire første månadane har folk levert inn 8103 våpen til politiet.

Uregistrerte hagler og rifler står for størsteparten av desse våpena.

Fleire skytevåpen står med pipa ned i store søppelbehaldarar

Fire månader inn i våpenamnestiet hadde politiet fått inn nesten 7000 ulovlege rifler og hagler.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Førre gong det var våpenamnesti i Noreg, i 2017, fekk politiet inn 8000 ulovlege våpen.

Basert på erfaring kjem dei fleste med våpena mot slutten av våpenamnestiet, fortel Corneliussen.

– Me forventar større pågang mot slutten, så det tilseier også at det vil koma inn fleire våpen nå på tampen, seier ho.

65 maskinpistolar

Før mai hadde politiet mottatt 65 maskinpistolar og 19 maskingevær.

I tillegg har dei fått inn 769 pistolar, 350 revolverar og 29 kombinasjonsvåpen.

Hagler og rifler står for den størsteparten av innleveringane. Frå januar og ut april fekk politiet inn totalt 3252 hagler og 3592 rifler.

Automatgevær, handgranatar og nunchaku på bordet på Oslo politihus på Grønland.

Automatgevær, handgranatar og nunchaku på bordet på Oslo politihus på Grønland.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Amnestiet gjeld også ammunisjon og ulovlege våpen som ikkje er skytevåpen, som elektrosjokkvåpen, karatepinnar (nunchaku) og tåregass.

Innan mai hadde politiet fått inn over 7 tonn ammunisjon og 551 ulovlege våpen som ikkje er registreringspliktige, til dømes knivar.

Av dei ulike politidistrikta, er det Trøndelag som har fått inn flest våpen med heile 1474 ulovlege våpen.

Bak kjem Oslo med 1449, og deretter Øst politidistrikt med 1167.

Les også Våpenamnestiet: Trønderne leverer flest våpen

Innsamla våpen i forbindelse med våpenamnestiet

Hindra kriminalitet og ulykker

Våpenamnestiet er oppretta for å førebygga kriminalitet og hindra ulykker med skytevåpen, ifølge regjeringa.

Torsdag besøkte justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) politihuset på Grønland i Oslo.

– Eg er glad desse våpena nå er borte frå eit potensielt ulovleg marknad og ikkje kan gjera skade, sa Mehl til NTB.

Lette maskingevær levert under våpenamnestiet i 2023

Lette maskingevær levert under våpenamnestiet.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Etter innleveringa av våpenet, kan du søka om å få behalda det lovleg, få tillating til å selja det vidare eller få våpenet plombert. Då kan du oppbevara våpenet lovleg.

Skal du levera eksplosiv, sprengstoff, granatar, krut eller fyrverkeri, skal du kontakta politiet per telefon. Du skal ikkje ta med dette til politiet sjølv.

Tysdag blei politiet på Stovner nøydde til å stenga publikumsvakta fordi det kom inn for mykje eksplosiv, skriv Nordstrands Blad.

Bøter eller fengselsstraff

Våpenamnestiet varer fram til 1. juni i år. Frå denne datoen kan du ikkje lenger levera ulovlege våpen utan å risikera straff.

Bombekaster levert under våpenamnesti

Politiet har også fått inn ein bombekastar under våpenamnestiet.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Blir ein tatt i å ha ulovlege våpen, kan det bli straffa med bøter eller fengsel i inntil tre månader.

Er det snakk om grovare tilfelle, kan ein få fengselsstraff i inntil seks år.

– Alle politidistrikta ønsker å få inn så mange våpen som mogleg nå når amnestiet er, så det er berre å halda fram å levera inn, seier seksjonssjef Corneliussen i Politidirektoratet.

– Me er glad for alt som blir levert.

Erfaringsmessig er det våpen frå andre verdskrig, arvevåpen eller våpen frå dødsbu som blir levert under amnestiet, opplyser regjeringa.

Første nasjonale våpenamnesti etter andre verdskrig var frå september 2003 til august 2004. Då fekk politiet inn 35.000 ulovlege våpen.

Under våpenamnestiet i 2008 fekk politiet inn 13.000 ulovlege våpen.

AKTUELT NÅ