Hopp til innhold

60 norske rådmenn måtte gå – alle fekk solid etterlønn

I perioden juni 2016 til og med mai 2018 miste 60 rådmenn i norske kommunar jobben. Alle sakene utløyste sluttpakkar med etterlønn. Offentleg pengebruk er tema i Debatten på NRK1 i kveld.

Direktesendt debattprogram

DIREKTE FRÅ 21.25: Offentleg pengebruk i Debatten.

Storleiken på sluttpakkane til rådmennene varierer, men det er snakk om betydelege summar. Styreleiar i Norsk Rådmannsforum, Hugo Thode Hansen, er uroa over utviklinga. I snitt får rådmennene med seg lønn i mellom 12 og 18 månader.

– Med tanke på at det er 422 rådmenn her i landet er dette svært høge tal. Vi snakkar om toppleiaren i kommunen. Stadig uro i organisasjonen gjennom oppseiingar blir kostbart, ikkje berre i form av sluttpakkar, men endå meir for produksjon og drift av velferdstenestene i den enkelte kommune, seier han.

Usemje om arbeidsdeling

Hugo Thode Hansen

Hugo Thode Hansen er rådmann i Harstad og styreleiar i Norsk Rådmannsforum.

Hansen fortel at den vanlegaste årsaka til at ein rådmann må gå frå jobben er ulik syn på arbeidsdelinga mellom politikarar og administrasjon.

I staten er normalen at leiarar som må gå frå jobben får etterlønn i seks månader. Årsaka til at rådmenn i snitt får så mykje meir, er ifølgje Hugo Thode Hansen at politikarar ofte ikkje er profesjonelle nok i behandlinga av slike saker.

– Dei manglar ofte ein sakleg grunn til oppseiing av rådmannen etter arbeidsmiljølova, og då må dei nødvendigvis betale for å bli kvitt vedkomande. Om dei ikkje følgjer prosedyrane i arbeidsmiljølova, og har ein sakleg grunn, så kan det blir nødvendig med store utbetalingar, seier Hansen.

Han meiner utviklinga er urovekkande.

– Viktig med kontinuitet

– I ein del tilfelle er det sikkert bra å for ein kommune å skifte rådmann, men i mange saker eg kjenner hadde det vore best å behalde den rådmannen dei har. I mange tilfelle viser det seg at god kontinuitet på dette feltet er det beste for kommunen, meiner styreleiaren.

Hugo Thode Hansen fortel at Norsk Rådmannsforum har teke initiativ overfor kommunane sin interesseorganisasjon KS om eit felles kurs om forholdet mellom politikarar og rådmann. Dei har alt hatt møte om det, og det er semje om å skulere politikarane på dette feltet.

Og sparkinga av rådmenn held fram. Så seint som onsdag denne veka måtte rådmannen i Fredrikstad gå av.

Han får med seg tre årslønner i sluttpakke.

Retter kraftsalve mot lederlønningene i helseforetakene: – Det er helt forkastelig

Ny bok om sløsing av offentlige midler: – Det er kanskje det som samler dette landet best

Sparket på dagen – nå vil hun ta over nabokommunen

AKTUELT NÅ