NRK Meny
Normal

5,8 milliardar til Amazonasfondet

Noreg gir 1 milliard amerikanske dollar, eller 5,8 milliardar norske kroner, til det nye Amazonasfondet, kunngjorde statsminister Jens Stoltenberg under sitt besøk i Brasil i dag.

Statsminister Jens Stoltenberg saman med kona Ingrid Schulerud på Sukkertoppen i Brasil.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Pengane skal brukast til å oppnå store, raske og billige reduksjonar i utsleppa av klimagassar, seier Stoltenberg.

- Det er ingen annan måte vi oppnår så stor klimaeffekt som ved å redusere avskoginga i Brasil, legg han til.

Stoltenberg seier også at det no blir etablert ei vakande satellittovervaking av regnskogen i Brasil, og det gjer at ein får førstehands oversikt over korleis avskoginga utviklar seg.

- Vi betalar berre ut pengar dersom det er klart dokumentert at avskoginga avtek, seier han.

- Dette er eit system som er enkelt og robust, og som gjer at vi er heilt trygge på at pengane berre blir overførte når avskoginga finn stad, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger