Hopp til innhold

45 prosent av amerikanarane trur ikkje Epstein tok livet sitt

Alle granskingar slår fast at milliardæren Jeffrey Epstein tok livet sitt i fengselet i august i år. Likevel viser ei måling at nesten halvparten av amerikanarane ikkje trur på den offisielle forklaringa.

Rod "Epstein Din't Kill HImself" Webber.

Denne mannen ville registrere seg som kandidat til primærvalet i New Hampshire under namnet Rod «Epstein Didn't Kill Himself» Webber.

Foto: Mike Segar / Reuters

Jeffrey Epstein hadde kontakt med mange rike og mektige menneske. Mange trur at han sat på så mykje kompromitterande materiale om fleire samfunnstoppar, at dei har sørga for å få han drepen av frykt for kva han kunne ha fortalt.

Og det er ingen tvil om at Epstein hadde kontaktar heilt til topps både i USA og andre land. Til og med vår eiga kronprinsesse Mette Marit har vedgått å ha hatt kontakt med Epstein . Bill og Hillary Clinton, Donald og Melania Trump og ei mengd andre mektige menneske var også i omgangskretsen hans.

Skulda for menneskehandel

Jeffrey Epstein.

Jeffrey Epstein vart funnen død på cella si i august.

Foto: AP

Fleire kvinner har skulda Epstein for å ha drive regelrett menneskehandel med unge jenter og for valdtekt av mindreårige. Privatflyet hans fekk tilnamnet «Lolita Express», og om bord der har det også vore mange kjendisar av ymse slag opp gjennom åra.

Dr., Barbara Sampson, sjefpatolog i New York, gjennomførte ein obduksjon av Jeffrey Epstein like etter at han vart funnen død på cella si i The Manhattan Correctional Center i august. Ho slo fast at Epstein døydde etter å ha hengt seg.

Også Det amerikanske justisdepartementet har slått fast at gjennomgang av videokamera utanfor cella, viser at ingen hadde teke seg inn i cella hans. Departementet seier også at hovuddøra inn til cella berre kunne opnast med fjernkontroll frå fengselet sitt kontrollsenter.

I tillegg var det ei ekstra dør som berre nokre få utvalde fengselstilsette hadde nøkkel til. Epstein delte heller ikkje celle med nokon.

Manhattan Correctional Center i New York.

Det var her på Manhattan Correctional Center i New York at Jeffrey Epstein vart funnen død på cella si.

Foto: Richard Drew / AP

Offisiell versjon

Trass i forsikringane frå styresmaktene om at ingen andre kunne ha forårsaka hans død, så viser ei meiningsmåling nettstaden «Business Insider» har gjort at stadig færre i USA godtek den offisielle versjonen.

Ei meiningsmåling offentleggjort 22. november viser at 45 prosent av dei spurde trur Epstein vart drepen. 16 prosent trur det var sjølvmord, medan 39 prosent er usikre.

Ei tilsvarande måling i august viste at 34 prosent trudde Epstein vart myrda. Då trudde 33 prosent at han hadde teke livet sitt, medan 32 prosent var usikre. Og på den store verdsveven lever teorien om at nokon har teke livet av Epstein seg sterkare dag for dag.

«Epstein didn't kill himself» (Epstein tok ikkje livet sitt) dukkar opp på nettet heile tida. Det har gått sport i å kom med denne frasa også i samanhengar der det verkar heilt malplassert, som til dømes då ein tidlegare elitesoldat vart intervjua av Fox News om hundar som var pensjonerte frå det militære.

Tvang den overgrepsdømde Jeffrey Epstein 17-åringen Virginia Roberts til sex med prins Andrew? I eit mykje omtala intervju fortel ho no historia si.

Tvang den overgrepsdømde Jeffrey Epstein 17-åringen Virginia Roberts til sex med prins Andrew? I eit mykje omtala intervju fortel ho no historia si.

«Epstein didn't kill himself»

Heilt på slutten av intervjuet slengjer han inn «Epstein didn't kill himself». Og frasen dukkar opp over alt som graffiti på bygningar, på ei informasjonstavle på San Diego-flyplassen og til og med som eit ølmerke i Michigan. Ta den unge kvinna på biletet under. Ho er ei av fleire som har vitna om at Epstein har misbrukt dei seksuelt då dei var under den seksuelle lågalderen.

Ho har eit armband rundt handleddet med teksten «Epstein didn't kill himself».

Epstein did not kill himself, står det på dette armbandet.

«Epstein tok ikkje livet sitt». står det på armbandet til ei av kvinnene som har skulda Jeffrey Epstein for misbruk og menneskehandel.

Foto: Lucy Nicholson / Reuters

Til og med president Donald Trump sende vidare ein tweet som ein av tilhengjarane hans hadde lagt ut på Twitter. Her stod det: «Jeffrey Epstein hadde informasjon om Bill Clinton & no er han død».

Virginia Roberts Guiffre.

Virginia Roberts Guiffre er redd for at ho kan bli utsett for noko som følgje av det ho veit om Epstein-saka.

Foto: AP

Virginia Roberts Giuffre, som no er 36 år gammal, er ei av kvinnene som har kome med skuldingar mot Epstein . Ho starta med å jobbe som massør for den pengesterke newyorkaren og venninna hans Ghislaine Maxwell, men det utvikla seg til seksuelle tenester.

– Er ikkje suicidal

Ho har fortalt at Epstein hadde betalt henne for å ha sex med prins Andrew, men den britiske prinsen seier han ikkje kan hugse å ha møtt henne ein gong. For nokre dagar sidan la ho ut ei merkeleg Twitter-melding:

Laster Twitter-innhold

«Eg går offentleg ut og seier at eg på ingen måte er suicidal. Eg har gjort dette klart både overfor terapeuten og fastlegen min i tilfelle noko hender med meg. Det er for mange menneske som vil at eg skal halde kjeft».

I november var det ein mann som prøvde å registrere seg som kandidat til primærvalet for New Hampshire under namnet Rod «Epstein Didn't Kill Himself» Webber. Også fleire politikarar på Capitol Hill har tvitra om at Epstein vart drepen.

Eric Oliver er professor ved University of Chicago med konspirasjonsteoriar som spesialfelt. Han trur ikkje at styresmaktene vil greie å overtyde folk som verkeleg trur at Epstein vart drepen av nokon som ville hindre han i å snakke.

Rod "Epstein Din't Kill HImself" Webber.

Denne mannen ville registrere seg som kandidat til primærvalet i New Hampshire under namnet Rod «Epstein Didn't Kill Himself» Webber.

Foto: Mike Segar / Reuters

Epstein-memes

Epstein-meme

Eksempel på Epstein-memes.

Fleire såkalla memes har dukka opp på ulike nettforum dei siste månadene, og fleire av dei har gått viralt nettstader som Reddit. Nokre av memene, bilete og tekst som blir etterlikna og kopierte i nye former, hintar om at Epstein vart drepen av Clinton-familien eller andre samfunnstoppar. Andre viser skilt, kjende scener frå filmar eller gamle «meme-oppskrifter».

Epstein-meme

Eksempel på Epstein-meme.

Mange av dei er, som mykje anna på Internett, både vulgære og eigna til å skape avsky for dei som ikkje er med på «spøken».

– Djup mistru

– Så lenge det er ei så djup mistru til det politiske systemet, til dei politiske institusjonane og til media, så vil all informasjon som kjem frå desse bli møtte med skepsis, seier han til Time Magazine .

Professor Eric Oliver.

Erik Oliver er professor ved University of Chicago og ekspert på konspirasjonsteoriar.

Foto: University of Chicago

Han har merkt seg at det ikkje er uvanleg at 20 prosent av dei spurde trur på konspirasjonsteoriar, men at det er svært uvanleg at over 30 prosent trur på ein slik teori. Han har også bite seg merke i at Epstein-konspirasjonen ser ut til å fengje menneske på tvers av politisk ståstad.

Til samanlikning var det aldri meir enn 24 prosent som trudde på teorien om at Barack Obama ikkje var fødd i USA.

Oliver trur ei årsak er den uroa mange kjenner for at det blir ein stadig sterkare konsentrasjon av rikdom og makt, og at dei rike har skaffa seg for mykje politisk innverknad.

Ei årsak til at teorien om at Epstein vart drepen kan ha fått så sterkt fotfeste, er at to vakter, som hadde ansvaret for å overvake cella til Epstein, ikkje gjorde jobben sin. Dei skulle ha sjekka cella kvar halvtime, men det viste seg at dei anten hadde sove eller surfa på Internett då han døydde.

Begge to har avvist skuldingane, og begge vart sette fri mot kausjon,

AKTUELT NÅ