40 år med Politisk kvarter

Radioprogrammet Politisk kvarter har gjennom 40 år sett sitt preg på den politiske kvardagen her i landet. Høyr det første programmet her.

Finn Gustavsen/Herbjørn Sørebø/Einar Gerhardsen

Historisk sus over Politisk kvarter frå 2. november 1968: Programleiar Herbjørn Sørebø (midten) har tidlegare statsminister Einar Gerhardesen (t.h.) som gjest i studio. Temaet er boka 'Rett på sak' av Finn Gustavsen (t.v.).

Foto: Thorberg/Ivar Aaserud/Inge Gjellesvik / Scanpix

Alle med interesse for politikk må ha med seg Politisk kvarter klokka 7.45 på morgonen.

Det første programmet blei sendt 30. oktober 1968.

Etter 40 år med analysar, avsløringar og debatt, blir Politisk kvarter omtalt som det viktigaste radioprogrammet i Noreg.

Historisk sus

Det er historisk sus over Politisk kvarter frå 2. november 1968 (det eldste programmet som er tilgjengeleg i heilskap).

Her har programleiar Herbjørn Sørebø tidlegare statsminister Einar Gerhardesen som gjest i studio, og temaet er boka "Rett på sak" av Finn Gustavsen.

- I dag ligg det føre ei bok som har vore samtaleemne i politiske krinsar lenge før den siste korrekturen var lesen, startar Sørebø programmet.

Eksklusjonane i Ap

Eit viktig avsnitt i boka gjeld eksklusjonane i Arbeidarpartiet av folk som arbeidde med bladet Orientering. Det var dette som førte til at partiet Sosialistisk Folkeparti, forløparen til dagens SV, blei skipa i 1961.

- Finn Gustavsen framstiller det slik at det var ulike meiningar om denne saka i partiet. Var det ulike meiningar, Einar Gerhardsen? spør Sørebø.

HØYR SENDINGA: Politisk kvarter 2. november 1968

Gerhardsen blir også spurt om det stemmer at han sjølv var meir i tvil om ekskluderingane enn andre i paritet.

Han kjem inn på situsjonen etter valet i 1961, då SF kom på vippen med to representantar, og han kjem inn på det dramatiske regjeringsskiftet i august 1963.

Då overlet Gerhardsen statsministerstolen til John Lyng (H), som i rundt ein månad leia ei borgarleg koallisjonsregjering før Gerhardsen igjen tok over.

Einar Gerhardsen og John Lyng

Kings Bay-saka i 1963: Dei borgarlege partia støtta av SF fekk fleirtal, og regjeringa Gerhardsen gjekk av. Her ønskjer Einar Gerhardsen (t.v.) statsminister John Lyng lukke til med eit fast handtrykk.

Foto: Scanpix

Jubileumssending

På jubieleumsdagen tordag 30. oktober blir Politisk Kvarter sendt live frå Store Studio klokka 18.30 på kvelden. Vil du vere publikum, er det berre å møte fram ved inngangen på Marienlyst.

Det blir debatt om politisk journalistikk. Kven bestemmer sakene? Kven blir yndlingar og kven blir valde bort? Kven blir avslørte og kven slepp unna søkelyset?

I panelet sit Carl I Hagen, Gerd Liv Valla, Audun Lysbakken, Kyrre Nakkim, Elisabeth Skarsbø Moen, Ole Kristen Harborg og Kjersti Thorbjørnsrud.

Kan du ikkje møte sjølv, kan du høyre debatten direkte på Alltid Nyheter eller sjå den på NRK.no.

Store studio, Marienlyst

På jubileumsdagen tordag 30. oktober blir Politisk kvarter sendt live frå Store Studio klokka 18.30. Vil du vere publikum, er det berre å møte fram ved inngangen på Marienlyst.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger