Så mange som 40 000 kan ha vore med på markeringa mot vald og rasisme i Oslo i kveld. (NRK-foto)
Så mange som 40 000 menneske deltok truleg i gigant-markeringa mot vald og rasisme i Oslo torsdag kveld. Dermed er det klart at det har vore ei av dei største massemønstringa i Noreg nokon gong etter krigen.
Borna var godt representerte i fakkeltoget i Oslo i kveld. (NRK-foto)
Stoltenberg oppmoda alle norske skular om å flagge på halv stang for å markere gravferda til Benjamin Hermansen, som vart drepen av det som truleg var nynazistar på Holmlia i Oslo sist fredag. Statsministeren gjorde det klart at det må vere nulltoleranse for rasisme i Noreg.
Ikkje-vald
Stoltenberg var også oppteken av at kampen mot nazisme og rasisme må skje med ikkje-valdelege middel. Statsministeren sa til folkemassane at drapet på Benjamin Hermansen fredag røyvde ved det Noreg står for som nasjon.
- Drapsmannen sin kniv tok eit liv, men røyvde også ved noko anna. Kniven skar inn i sjølvbiletet vårt, sa han.
- Skal vi bli eit folk som vender oss bort og ikkje vil sjå? I kveld seier vi saman eit rungande nei på det spørsmålet. Noreg må vere for alle, sa Stoltenberg.
Biskop Gunnar Stålsett tok sterkt til orde mot den utviklinga han meiner er på gang, og oppmoda til ein nasjonal dugnad mot rasisme. Han kom med ei spesiell oppmoding til politi og rettsvesen om å ta i bruk rasismeparagrafen i norsk lov.
Kongelege
Etter appellane frå Stoltenberg og Stålsett på Youngstorget gjekk fakkeltoget vidare til Universitetet og Stortinget.
Kronprins Haakon og prinsesse Martha deltok i markeringa . (NRK-foto)
Blant dei som deltok i markeringa var kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem-Høiby og prinsesse Martha.
Youngstorget og sidegatene var stappfulle av menneske då fakkeltoget starta litt etter klokka 18.
Også fleire andre stader i Noreg var det markeringa mot rasisme i kveld. I Kristiansand deltok 3000 menneske i ei markering mot vald og nynazisme. Til saman 10 000 menneske deltok i slike markeringar i 11 byar og tettstader over heile landet.
Fakkeltoget etter appellane på Youngstorget var så langt at det enno stod att folk på torget etter klokka 19, medan endepunktet for toget, Universitetsplassen, var så full av folk at dei måtte spreie seg til Stortingsgata og dei andre gatene rundt plassen.
Først klokka 19.35 hadde alle demonstrantane kome seg ut frå Youngstorget.
Imponert
Tidlegare statsminister Kåre Willoch var innom fakkeltoget, før han hasta vidare for å halde eit foredrag om globalisering. - Det er svært imponerande å sjå denne menneskemengda, det gjer eit sterkt inntrykk. Denne ufattelege tragedien har tydelegvis sett ein støkk i folk, sa Willoch til NTB.
Generalsekretær Sven Mollekleiv i Norges Røde Kors trur folk no vil bryte med likesæla. - Dette er eit sterkt inntrykk for medkjensle og engasjement. Det som skjer i kveld er både eit nei til vald og rasisme, og eit ja til menneskeleg samkjensle. Dette engasjementet viser at folk har forstått kva dette betyr, sa Mollekleiv under fakkeltoget.
Oslo-ordførar Per Ditlev-Simonsen var stolt over at så mange hadde teke til gatene for å markere motstand mot rasisme og nynazisme.
-Vi er rysta langt inn i sjela av det grufulle som har skjedd, men vi er ikkje hjelpelause i kampen mot valden. Vi må berre innsjå at nynazismen har nær samanheng med eigne fordommar, sa Ditlev-Simonsen.