Hopp til innhold

39-åringen sjekka ut av Vålnes-saka

Den sikta 39-åringen i Vålnes-saka i Troms vart lauslaten i dag etter å ha blitt sjekka ut av saka. Politiet trur ikkje dei kjem til å arrestere fleire personar.

Politi

Politiet har i fleire dagar undersøkt bustaden til Per Vålnes i Balsfjord, som forsvann i 2011.

Foto: NRK

Den sikta 39-åringen vart lauslaten fredag ettermiddag, melder regionlensmann Andreas Nilsen i ei pressemelding.

Det tyder at alle dei tre som var arresterte fredag er blitt lauslatne.

Dei tre andre, som vart pågepne onsdag og torsdag, er framleis sikta, og varetektsfengsla i fire veker.

– Ikkje fleire pågripelsar

– Me er komne dit at me ikkje signaliserer nye pågripelsar. Ut frå dei opplysningane med har no, har me hatt inne dei personane som me ynskte, seier Nilsen til NTB.

Onsdag vart Vålnes sin tidlegare sambuar arrestert. Dagen etter arresterte politiet ein 39 år gamal mann som flytta inn til ho kort etter at 50-åringen vart meldt sakna.

Også ein 41-åring, som var ein kjenning av Vålnes, vart arrestert torsdag.

Undersøkjer bustaden

Kriminalteknikarar har i fleire dagar gjort beslag og gjort grundige undersøkingar i mellom anna bustaden til 50-åringen.

Per Vålnes har vore meldt sakna frå heimen sin i Balsfjord kommune sidan 1. desember 2011.

AKTUELT NÅ