Hopp til innhold

36 barn utsette for grov vald i 2017

– Alle må bli flinkare til å sjå etter teikn på mishandling, seier Kåre Svang, etterforskingsleiar i Kripos. Redd Barna ønskjer kompetanseheving.

Barn som blir slått

– Alle barn har rett til å bli beskytta mot vald og overgrep, seier Thale Skybak i Redd Barna.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

I 2017 vart 36 barn utsette for grov eller dødeleg vald.

– Sakene frå i fjor syner at det berre er barn på fire år eller yngre som er råka. Vi snakkar om fleire spedbarn og barn som ikkje har fått språk enno. Dette er dei aller svakaste gruppene, seier etterforskingsleiar i Kripos, Kåre Svang.

Riksadvokaten har bedt politidistrikta om å melde inn saker med mistanke om grov vald til Kripos.

I utgangspunktet gjeld desse sakene tilfelle som er så alvorlege at det gir utsikter for varige men eller at barnet døyr. Mistanke om grov vald vert gjerne ikkje melda inn før barnet er innlagt på sjukehus.

Kan vere snakk om mørketal

Det var først etter Christoffer-saka alle offentlege etatar senka terskelen for å melde inn saker. Tidlegare vart mellom fem og ti saker meldt inn.

– Dei siste åra har vi fått inn rundt 30–40 saker, og det reknar vi som høgt. Likevel har vi grunn til å tru det er mørketal, seier Svang.

Kåre Svang i Kripos jobber med noen av de alvorligste sakene om vold mot barn

Etterforskingsleiar i Kripos, Kåre Svang, seier det er viktig at folk blir flinkare til å melde frå om dei mistenker at eit barn vert utsett for vald.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

Svang seier til NRK at det er viktig å sjå etter fareteikna. Han meiner det naivitet som fører folk ikkje melder frå om mistanke om vald.

– Folk har blitt flinkare, men terskelen er framleis høg. Det har nok med naivitet å gjere. Dei torer ikkje tru at nokon kan pådra vald mot barn med vilje, seier Svang.

Manglande kompetanse

Seksjonsleiar i Redd Barna sitt Norgesprogram, Tahle Skybak, reagerer sterkt på tala som er lagt fram av Kripos.

– Alle barn har rett til å bli beskytta mot vald og overgrep, og når barn vert utsett for dette er det sjølvsagt heilt forferdeleg.

Skybak ønskjer ei styrking i kompetanse hos det offentlege. Ho meiner det er viktig med gode system og beredskapsplanar for kva ein skal gjere når ein er bekymra for barn.

Thale Skybak

Seksjonsleiar i Redd Barna sitt Norgesprogram, Thale Skybak, meiner det er kompetansen må styrkast i forhold til varsling av valdssaker.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

– Fagfolk som møter barna direkte treng ytterlegare kompetanse i forhold til korleis ein kan avdekke og ta bekymringar på alvor når ein mistenker at barn vert utsette for vald. Dette gjeld både helsestasjonen, barnehagen og hos barnevernet.

Sjå etter «raude varselflagg»

I dei fleste sakene er det foreldra til barnet som vert mistenkte eller sikta for vald mot barnet. Det er i størst grad helsevesenet og sjukehusa som varslar om sakene.

Svang presiserer at det er viktig å sjå etter faresignala på barn.

– Gå inn på politiet sine nettsider . Der har vi ei liste over aktuelle ting å sjå etter. Blåveisar og sår er vanleg å få når ein fell på sykkel, men undersøk kor desse merka er. Er dei på unaturlege stader er det grunn til å melde frå.

AKTUELT NÅ