Hopp til innhold

33 politimelde etter festar i natt

Politiet i over heile landet opplyser at dei har fått mange meldingar om festbråk i natt. I Oslo er 33 festdeltakarar melde for brot på smittevernreglane.

Sankhanshaugen i Oslo 17.april 2021

Mange menneske var samla i parken på Sankt Hanshaugen i Oslo i det fine vêret laurdag kveld.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Operasjonsleiar Line Skott i Oslo politidistrikt seier til NRK at 13 unge i 20-åra vart melde då politiet kom på døra til ei leilegheit i Sorgenfrigata på Majorstua.

På ein fest på Bekkelaget vart fire tenåringar melde. På ytterlegare to fester, ein av dei på Vindern og den siste i sentrum, er gjestar melde for brot på koronaforskrifta.

Både laurdagskvelden og utover natta har det vore travelt for politiet, og dei har ikkje hatt til å slå ned på alle meldingar om festbråk.

– Det har vore mange meldingar i natt om feststøy, og fire stader der det har enda med politimelding. På dei fire bustadene var det til saman 33 personar. Det er snakk om tenåringar og unge vaksne i byrjinga av 20-åra, seier Skott til NRK.

Skott seier mykje av innsatsen til politiet har gått på det ho kallar rådgiving til folk som samla seg utandørs.

I fleire parkar i Oslo var store mengder ungdommar samla laurdagskvelden. I Sofienbergparken måtte brannvesenet rykkje ut ved halv eittida for å sløkkje eit stort bål.

– Med det været som har vore i Oslo de siste dagane med sol og varmegrader og mange ute i det offentlege rom, gjerne i parkar og skogen, så er det lett å tru at ein etter kvart har trekt inn til private bustader. Det er noko vi trur kan vere ei forklaring, seier operasjonsleiaren.

Midt-Noreg

Politiet i Trøndelag har i natt fått inn 41 meldingar om forstyrring av natteroa.

Meldingane har komme frå fleire stader i fylket. Pålegg vart gitt til dei festande i ni tilfelle, opplyser operasjonsleiar Svein Åkervik i Trøndelag politidistrikt.

På Kvam i Molde måtte politiet bryte opp ein fest med 5 eller 6 deltakarar etter at det hadde komme klager frå naboar på høg musikk og roping.

På Gomalandet i Kristiansund kom politiet over ei samling av ungdommar der ein tenåring skal ha blitt slått av ein ukjent, jamaldra person. Festen vart oppløyst.

Vestlandet

I Vest politidistrikt er det i natt loggført 61 ordensforstyrringar og bråk. Dei fleste er i Bergen kommune, der politiet avslutta rundt 20 festar.

Laster Twitter-innhold

På Stord har politiet hatt det travelt med å løyse opp ei samling av rundt 10 ungdommar i 16 til 18-årsalderen som hadde samla seg i Hystadmarkjo. Også der hadde naboar klaga over bråk.

Politiet opplyser på Twitter at ungdommane vart «sette i marsj» heim. Det var mykje forsøpling på staden, og ungdommane fekk med seg formaningar om å rydde opp etter seg i løpet av søndagen.

Nord-Noreg

I Alta har politiet i natt løyst opp to privatfestar etter klagar på høglydt festing. Også i Kirkenes og Hammerfest måtte politiet påleggje festglade å halde nattero. På ein av festane i Kirkenes var det fleire mindreårige som vart sende heim til foreldra sine.

I Kjøllefjord vart ein mann i 50-åra sett i arresten. Han var veldig rusa og hadde oppført seg truande på ein skjenkestad. Han er meld for vald og truslar, opplyser politiet i Finnmark.

Også i Troms har politiet hatt det travelt etter mange meldingar om høg musikk og festbråk. Ved totida vart ein fest på Storslett i Tromsø avslutta av lovas handhavarar.

I Harstad løp fleire ungdommar frå staden då politiet vart tilkalla til ei privatadresse der det hadde vore tilløp til bråk.

– Vi har ikkje hatt kapasitet til å reagere på alle meldingane, skriv Troms-politiet på Twitter.

I Nordland har politiet og fått mange meldingar om feststøy og høg musikk, men det har ikkje vore klare brot på smittevernet, skriv dei på Twitter.

Sørlandet

I Kristiansand kom det seint laurdag kveld inn fleire meldingar om ungdomsfest og bråk i Bertesbukta. Også på Lundsida vart politiet varsla om høglydt fest.

I Grimstad var rundt 30 ungdommar samla ved Holvika ungdomsskole. Fleire av dei var mindreårige. Då politiet kom til, sprang dei «i alle retningar». Politiet køyrde utover kvelden fleire patruljeturar i området for å førebyggje vidare samlingar.

Ved Grimstad måtte politiet gripe inn då fleire personar barka i hop i slåstkamp.

I Arendal fekk politiet melding om at 12 personar var samla i ei snekke i området mellom Hisøya og Tyholmen. Det var mange rusa om bord, og dei vart bedne om å avslutte festen. Dei fekk òg med seg råd og rettleiing om smitte, tvitra politiet i Agder.

Også i Flekkefjord og Farsund måtte politiet avslutte festar.

Austlandet

På Kattøya i Porsgrunn vart det meldt om hærverk og forsøpling i samband med at fleire personar var samla til fest ute.

Laurdag kveld og natt til søndag vart det og meldt om fleire store samlingar av biler i Vestfold og Telemark.

Både frå Vivestad ved Tønsberg, Høyjord i Sandefjord, Borgeskogen i Stokke og Kjørbekk i Skien fekk politiet meldingar frå innringarar utover kvelden.

Rånere på Kjørbekk i Skien

BILTREFF: Det var fleire større samlingar av bilar i Vestfold og Telemark laurdag kveld. Her frå Kjørbekk i Skien.

Foto: Theo Aasland Valen

Det vart ikkje registrert nokon meldingar for brot på forskrift om covid-19, men politiet seier at mykje vart løyst med råd og rettleiing på staden.

På Rasta ved Kongsvinger vart det meld om slåstkamp laurdag kveld. Ein person vart køyrd til sjukehus. Politiet har avhøyrt vitne og har kontroll på ein mistenkt person.

I Innlandet melder politiet noko lakonisk på Twitter at dei har fått ein del meldingar om ordensforstyrringar, men at det «løyste seg» då politiet kom.

LES OG: Knallvær og fulle parker i Oslo gir koronabekymringer for Helsedirektoratet

AKTUELT NÅ