Hopp til innhold

32-åring skal ha trua vitne til skytinga på Calle's vinhus

32-åringen var sikta for skytinga mot Calle's mat- og vinhus for eit halvt år sidan. I dag blei han fengsla for å ha trua eit vitne i saka.

Skyting på Calles pub

SKYTING: Fleire personar køyrde forbi i ein Jeep og avfyrte skot mot spisestaden i Oslo sentrum, i desember 2016.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Utestaden var full av gjester, då fleire skot blei avfyrt frå ein svart Jeep i desember 2016. Skota blei avfyrt mot vinduet i Calle's mat- og vinhus, men ingen kom til skade.

Skyting mot utested i Oslo sentrum

SKOT GJENNOM VINDU: Ingen blei skadd etter skytinga, men restauranten var full av gjester. Jeepen brukt i skytinga, blei oppdaga forlatt i Oslo sentrum.

Foto: Chayada Aum

Jeepen blei oppdaga eit stykke unna og fire personar er sikta for skytinga.

Ein av dei, ein 32-åring, kom ut av varetektsfengsling tidlegare i vår. I går blei han pågripe for å ha framsatt trugslar mot eit vitne i saka.

– Fengslinga er knytta til eit vitne som har blitt trua, på bakgrunn av det han har forklara seg om i Calle's vinhus-saka, seier politiadvokat Cathrine Kristoff i seksjon for organisert kriminalitet i Oslo politidistrikt.

Politijuristen vil ikkje kommentere trugslane eller kva bevis dei har i saka.

– Vi reagerte på meldinga om trugslar med ein gong, for det er ei alvorleg hending når nokon truer eit vitne, seier Kristoff.

Tilstått tidlegare skyting

32-åringen blei også tiltalt for skytinga på restauranten Mona-Lisa i mai 2015. Politiet etterforska om det låg hevnmotiver bak, då fleire menn gjekk inn i spisestaden på Grensen i Oslo sentrum.

Sjølv om 32-åringen skal ha avfyrt fleire skot, blei han frikjent av Oslo tingrett. Dommarane trudde den tiltalte si forklaring, om at han var i ein tilstand av slik bestyrtelse og frykt at han avfyrte skota i nødverge. Påtalemyndighetene har anka saka.

Politiet har tidlegare sagt at dei meiner skytinga er knytta til kriminelle gjenger i Oslo. Seksjonen etterforsker konflikter i fleire miljø, som bakgrunn for skytinga.

Flere skudd er avfyrt mot Calle's mat og vinhus i Hausmanns gate i Oslo

SKOT AVFYRT: Fleire gjerningsmenn køyrde forbi i ein svart Jeep og skaut mot restauranten i fredag 16. desember 2016.

Lukka dører i retten

Ein annan av dei fire sikta skal være i varetekt framleis, og politiet har fleire mistenkte i saka.

– Vi har eit stykke igjen, men det er god framdrift i etterforskninga. Vi reknar med å kome i mål med saka til hausten, seier Cathrine Kristoff jourhavande jurist.

Mannen fekk fire veker i varetekt, med to veker besøksforbud.

Advokat Anne Marstrander-Berg var 32-åringens forsvarar i fengslingsmøtet. Ho stadfestar at mannen blei pågripe onsdag ettermiddag.

– Vi har bedt om at retten avviser fengslingsbegjæringen. Ut over det har eg ingen kommentar, seier Marstrander-Berg.

Fengslingsmøtet gjekk for lukka dører.

– Saka er alvorleg, med fleire involvete på ulike måtar. Etterforskinga er i ei heilt innleiande fase, derfor vil dørene lukkes, sa tingrettsdommar Sven Olav Solberg i Oslo tingrett.

Raserte restaurant i Oslo

RASERTE STEDET: To personar skal ha brukt øks, golfkøller og macheter då dei raserte utestaden for to veker sidan.

Foto: Ståle Grut / NRK

Calle's rasert av maskerte menn

For to veker sidan blei to personar ettare skadd då maskerte menn storma inn på Calle's mat og vinhus i Oslo sentrum.

To menn var væpna med macheter, øks og golfkøller, ifølge vitner. Dei rømte frå staden i to bilar. Ingen skal være pågripe i saka.

Ifølge politiadvokaten har dei sålangt ikkje knytta 32-åringen, som var ute av varetekt på tidspunktet, til den siste hendelsen på utestaden.

AKTUELT NÅ