Kyrkjemøtet i Trondheim i april vedtok at likekjønna par skal kunne
på lik line med heterofile. Dette har vekt reaksjonar hos ein del både prestar og vanlege medlemer i kyrkja, og fleire har gjort det klart at dei ikkje lenger kjenner seg heime der.Hittil i år har rundt 6000 medlemer i statskyrkja meldt seg ut, og rundt halvparten av utmeldingane har skjedd i tida etter kyrkjemøtet. I heile fjor melde vel 16.000 menneske seg ut av kyrkja.
Det var mange som melde seg ut også etter Kyrkjemøtet i fjor, då eit forslag om vigsling av homofile vart nedstemt.
– Truleg ein samanheng
Ole Inge Bekkelund er direktør i Kyrkjerådet.
Foto: NRKDirektør Ole Inge Bekkelund i Kyrkjerådet seier det ikkje er gjort noko undersøking rundt kvifor så mange har meldt seg ut den siste månaden, men at det er naturleg å tru at det har med vedtaket på Kyrkjemøtet å gjere.
Det er heller ikkje gjort undersøkingar på kvar dei utmelde hamnar, om mange til dømes går til frikyrkjelege grupper.
– Det er vanskeleg å svare på om tala er dramatiske, om 6000 er mykje eller lite. For kyrkja er kvar enkelt utmelding dramatisk, men vi har framleis 3,9 millionar medlemer. Medlemstalet stort sett stabilt frå år til år. Men det er trist og dramatisk at menneske ikkje kjenner seg heime i Den norske kyrkja, seier Bekkelund til NRK.
Han fortel at det heile tida er ein levande diskusjon i kyrkja om korleis dei skal oppfylle oppdraget om å vere ei kyrkje for alle, ei folkekyrkje.
– Ei open folkekyrkje
– Kyrkja har eit genuint ynskje om å nå breitt ut, og dette snakkar vi mykje om. Vi har ein levande demokratisk debatt, og nokre kan bli utfordra. Vi uttalar oss blant anna i klimadebatten og om innvandring, og av og til kan vere krevjande å få fram bodskapen om nestekjærleik, seier Bekkelund.
Han fortel at det er eit sterkt engasjement for at Den norske kyrkja skal vere ei open folkekyrkje, der det er rom for alle.
Rundt 500 menneske melde seg inn i Den norske kyrkja dei fire første månadene i år.