Hopp til innhold

28-åring drepen i Haugesund – sikta brite nektar kjennskap til drap

Helsepersonell forsøkte å berge livet til 28-åringen som blei knivstukken i Haugesund i natt, men måtte gje opp. To menn er sikta for drap eller medverknad til drap.

innsatsleder Fritz Arne Lilleskog

TUNG DAG: Innsatsleiar Fritz Arne Lilleskog fortel at det blei gjort livreddande førstehjelp, men at livet til mannen ikkje stod til å redde.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Den eine som er sikta er ein britisk mannen i 20-åra. Han stiller seg uforståande til siktinga og nektar derfor straffskyld. Det opplyser forsvararen hans, Helene Haugland, til NRK.

Haugland seier at hennar klient har forklart at han ikkje har noko kunnskap om hendinga, men at han er prega av alvoret i saka. Han og den medsikta norske mannen er vener.

Briten har laurdag kveld sete i avhøyr hos politiet i Stavanger. Den norske mannen har ikkje vore formelt avhøyrd enno, men har ifølgje politiet avgitt ei kort forklaring.

Det som skulle vise seg å vere ei drapssak, starta med at politiet fekk melding om at ein mann var knivstukken i Presthaugvegen i Haugesund klokka 01.28 natt til 1. januar. Politiet rykte raskt ut til bustadområdet saman med helsepersonell.

– Det blei utført livreddande førstehjelp, men mannen blei dessverre erklært død litt etter klokka 02, sa politiet sin innsatsleiar, Fritz Arne Lilleskog, til NRK laurdag morgon.

Evt fengsling måndag

Dei to mennene som er sikta blei arresterte rett i nærleiken av åstaden etter tips frå vitne, seier politiadvokat Fredrik Martin Soma til NRK.

Politiadvokat Fredrik Martin Soma

Politiadvokat Fredrik Martin Soma

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Han seier at politiet er i ferd med å kartlegge hendingsgangen og vil ikkje seie meir om bakgrunnen for siktinga no.

Han vil ikkje gå nærare inn på kva vitna har forklart.

Politiet stadfestar at det er ein relasjon mellom dei to sikta mennene.

Medan den britiske mannen har vore i sitt første formelle avhøyr, har den norske kameraten berre forklart seg kort til politiet. Av praktiske grunnar vil han først bli avhøyrd søndag.

Soma bekreftar at avhøyret av briten vil halde fram søndag.

Ei eventuell varetektsfengsling vil skje måndag, seier han.

Politihuset i Stavanger.

Den drapssikta mannen sit no i avhøyr.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire vitne

Politiet har gjort ei rekke avhøyr av vitne i løpet av natta og dagen. Dei vil og halde fram med tekniske undersøkingar framover.

Soma seier at politiet vil snakke med fleire av vitna på ny søndag.

Politiadvokaten vil ikkje seie noko om motivet for drapet, eller kva relasjon det er mellom dei to sikta og den drepne 28-åringen.

Ifølgje forsvarer Helene Haugland er det ingen relasjon til den drepne, etter det hennar klient har forklart.

Ho vil ikkje gå inn på detaljar om eventuelle beslag eller om det var rus med i biletet.

Skal avhøyrast

Dei pårørande er varsla om hendinga. Bistandsadvokaten deira, Benedicte Storhaug, vil førebels ikkje seie noko om det arbeidet ho no skal gjere.

Ho opplyser til NRK at ho har etablert kontakt med dei etterlatne og at dei har avtalt eit møte søndag.

Mogleg transport kjem inn på politihuset i Stavanger

Kring klokka 15 kom to sivile bilar med Haugesund-skilt og sota ruter køyrd av politibetjentar til politihuset i Stavanger. Det er ikkje bekrefta om dette var transport for nokon av dei sikta i saka.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire var i nærleiken

Politiet sine krimteknikarar har arbeidd på åstaden heile laurdagen, men politiet vil ikkje gå ut med noko meir om hendinga no, seier innsatsleiar Lilleskog laurdag ettermiddag.

På staden der knivstikkinga skjedde, er det sett opp sperreband. Laurdag ettermiddag sto det framleis ei stor kasse med fyrverkeri på plenen. Politiet har sett opp fleire gule nummererte markørar i området rundt og teke bilete.

En person ble drept i Haugesund natt til 1. nyttårsdag.

Mannskap frå politiet i Haugesund og krimteknikarar i arbeid på åstaden laurdag.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

– Roleg område

Presthaugvegen er vanlegvis eit roleg område med fleire bustadblokker litt aust for Haugesund sentrum.

Slik skildrar også Knut Egil Ringen Jacobsen, som er leiar av bustadblokkene i området, staden.

Han kom heim klokka 01.25 i natt, men såg ikkje noko han reagerte på.

Knut Egil Ringen Jacobsen, Leder i Borettslaget Presthaug 2

Knut Egil Ringen Jacobsen, Leiar i bustadblokkene Presthaug 2, seier at det bur mange einslege og eldre i blokkene.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Uverkeleg

Ho som sat framme i bilen såg berre nokre ungdommar, men det vart ikkje noko bråk, seier Jacobsen.

Han synest det heile er uforståeleg. Klokka 02 var det full rulle med naudetatane til stades på same plassen.

Det er uverkeleg at det skjer akkurat her. Det er ikkje noko som tilseier at det skulle skjedd noko slikt her. Det kunne skjedd kvar som helst, seier Jacobsen.

Politiadvokat Fredrik Martin Soma orienterte om hendinga på ein pressekonferanse 12.30 laurdag ettermiddag.

AKTUELT NÅ