25 prosent i Oslo har ikkje godt nok språk når dei startar i første klasse

Omtrent 25 prosent av alle barna som startar i første klasse i Oslo snakkar ikkje godt nok norsk til å følge undervisninga. Nå vil Høgre kartlegge norsken til alle barn i hovudstaden før skulestart. SV meiner det er sløsing av ressursar.

Sommerskole Vestli

Ferske elevar og erfarne politikarar varmar opp til skulestart på Vestli skule, med blant anna trimming av ferdigheitene i norsk.

Foto: Eirik Ramberg / NRK

I dag troppar over 60.000 fem- og seksåringar opp for å ta fatt på sin aller første skuledag. Ikkje alle har dei nødvendige ferdigheitene i norsk for å kunne følge vanleg undervising.

I Oslo var det av omtrent 7000 ferske elevar i fjor, rundt 1700 som fekk vedtak om særskilt opplæring i norsk, viser tal frå førre skuleår.

Høgre ønsker nå å kartlegge alle skulestartarar i hovudstaden. Informasjonen frå kartlegginga vil dei gi vidare til skulane.

Saida Begum

Ordførarkandidat for Høgre i Oslo, Saida Begum.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Vi vil gi barna eit tilbod om sommarkurs på to veker, der dei kan bli betre kjende med det norske språket, lære seg omgrep og få ein betre skulestart, seier Saida Begum, Høgre sin ordførarkandidat i Oslo.

– Sløseri med ressursane

Det raudgrøne byrådet i Oslo, med Arbeidarpartiet, SV og MDG, er einige med opposisjonspartiet Høgre i at fem- og seksåringane sine ferdigheiter i norsk må bli styrka.

Den store meiningsskilnaden er om korleis ein skal styrke desse barna sine ferdigheiter i norsk.

Byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo, Inga Marte Thorkildsen (SV), seier til NRK at ho er heilt einig om at flest mogleg barn skal kunne norsk før skulestart og at dei skal ha best mogleg føresetnader frå barnehagen til å meistre skulen.

Inga Marte Thorkildsen

Byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo, Inga Marte Thorkildsen (SV).

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Eg er derimot veldig kritisk til at vi skal kaste bort ressursar og tid, og ta tid vekk frå ungane som verkeleg treng å vere nær pedagogane og dei tilsette i barnehagane, fordi vi skal kartlegge alle ungane, inkludert dei vi veit ikkje treng ekstra oppfølging, seier Thorkildsen.

– Det meiner eg er sløseri med ressursane, seier byråden.

Vil at barnehagane kartlegg

– Eg gler meg mest til å leike ute, seier seks år gamle Alexander Ihler.

Han har ein av fleire spente elevar ved Vestli skule i Oslo som har gått på sommarskule i to veker før skulestart. Det har dei gjort for blant anna å styrke språket.

På sommarskulen blir elevane utstyrte med ein såkalla språkkoffert med ord og uttrykk, som dei kan opne opp når dei treng.

Vestli skule har 568 elvar. 95 prosent har ikkje norsk som morsmål, og 50 ulike språk er representert i elevmassen, ifølge rektor ved skulen, Ellen Sundby.

Ellen Sundby2

Rektor ved Vestli skule i Oslo, Ellen Sundby.

Foto: Eirik Ramberg / NRK

Sundby ivrar sterkt for at barnehagane kartlegg barna i januar i samråd med skulane, og at dei saman lagar ein plan om korleis ein kan jobbe fram til for eksempel mai, for å gjere ei ny kartlegging då.

– Vi burde så ha fått resultatet av kartlegginga, slik at vi første skuledag veit kven av elevane som slit og har behov for ekstra undervisning. Då kunne vi begynt rett på, seier Sundby.

– Rekneskapen går i pluss

Høgre sin ordførarkandidat Begum, garanterer at kartlegging av språk er eit bindande løfte frå partiet til veljarane i Oslo.

Ho meiner at kartlegginga av alle barn i hovudstaden er ein kostnad som er ei investering i barna si framtid.

– Eg trur den rekneskapen går i pluss ved å få fleire gjennom skuleløpet og ut i arbeid.

Det sittande byrådet har foreslått at dei testar der det er behov. Kvifor meiner du at alle barna i Oslo skal bli kartlagde?

– Vi har testa der det er behov i mange år, men når rundt 1700 av barna som startar ikkje kan godt nok norsk, så ser vi at systemet i dag ikkje fungerer og at vi må gjere noko med det. Den einaste måten å sikre at alle barn blir sette på, er ved å kartlegge alle, seier Begum.

SISTE NYTT

Siste meldinger