Hopp til innhold

24 prosent vil halde borna heime frå barnehagen måndag

64 prosent av dei spurde svarar ja på spørsmålet om dei vil sende borna sine tilbake i barnehagen, når dei opnar igjen over helga.

Mariell Søgaard er skeptisk til at barnehagane skal opne måndag 20. april.

Mariell Søgaard er blant foreldra som ikkje vil sende borna sine tilbake til barnehagen førstkomande måndag.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

24 prosent av dei spurde svarar nei, medan 13 prosent er usikre, viser undersøkinga, som er gjort av Norsk koronamonitor frå Opinion for NRK.

– Dette betyr at færre enn to av tre kjem til sende borna tilbake til barnehagen, og det er ein klar tendens til at stadig fleire seier dei ikkje kjem til å sende borna tilbake i barnehagen, seier seniorrådgjevar og partnar i Opinion, Nora Clausen.

Mariell Søgaard.

Mariell Søgaard er skeptisk til å opne barnehagane alt førstkomande måndag.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Ho fortel at spørsmålet er stilt til eit representativt utval av innbyggjarane i Noreg med over 1800 intervju totalt i løpet av fire dagar frå og med tysdag 14. april. 200 av dei spurde var sjølve foreldre med born i barnehagealderen.

– Ingen veit noko sikkert

Mariell Søgaard er blant dei som er skeptiske til å sende barnet sitt tilbake til barnehagen alt måndag. Ho meiner for mykje enno er usikkert.

– Det er ingen som veit sikkert at det er trygt, og det gjer situasjonen vanskeleg, så vi kjem til å vente, seier ho til NRK.

Ho meiner at alle foreldre burde ha eit val.

– Ein del foreldre har ikkje dette valet. Nå det ikkje blir betalt ut omsorgspengar lenger, så avgrensar det seg sjølv for mange. I den ekstraordinære situasjonen som er så burde foreldra ha eit reelt val, seier ho.

– Det er heilt trygt

Line Iren By er styrar ved Espira Gartnerløkka i Oslo.

Styrar Line Iren Bye er styrar ved barnehagen Espira Gartnerløkka i Oslo. Ho meiner det er heilt trygt å opne barnehagane igjen måndag.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Styraren ved den private barnehagen Espira Gartnerløkka i Oslo, Line Iren Bye, lovar at det er heilt trygt å sende borna tilbake til barnehagen.

– Eg ville ikkje ha opna om det ikkje var forsvarleg, seier ho.

Ho fortel at det er nokre få foreldre som har sagt frå at dei kjem til å halde borna heime, medan andre har sagt at dei vil vente ei veke til. Ho forsikrar at dei har nok vaksne på jobb, og at tiltaka dei har sett i verk er fullt ut forsvarlege ut frå eit smittevernssynspunkt.

Den største endringa for borna er den nye gruppeinndelinga. Ein vaksen skal ha ansvar for tre born i den yngste gruppa 1-3 år, medan ein vaksen har ansvar for seks born i gruppa 3-6 år.

Espira Gatnerløkka i Oslo.

Den private barnehagen Espira Gartnerløkka i Oslo er klar til å ta mot borna måndag 20. april.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Gledeleg høge tal

Leiar i Norsk barnelegeforening, Elisabeth Selvaag, er nøgd med at så mange som 64 prosent vil sende borna sine tilbake til barnehagen alt måndag.

Leiar i Norsk barnelegeforeining Elisabeth Selvaag.

Elisabeth Selvaag er leiar for Norsk barnelegeforening.

Foto: Privat

– Eg synest det er gledeleg at godt over halvparten vil sende borna tilbake i barnehagen. Det viser at vi har nådd ut med informasjonen som er gitt, seier ho. Ho viser til blant anna til ein kronikk på NRK Ytring i går om spørsmålet.

Elisabeth Selvaag viser til at barnehage i moseting til barneskule er eit frivillig tilbod.

Ho synest likevel at det faktum at 22 prosent seier dei ikkje vil sende borna tilbake til barnehagen, er eit høgt tal.

– Eg synest det er høgt, men det er mogleg å forstå det ut frå at det har vore ein svært spesiell situasjon. Folk tek slike avgjerder på ulikt grunnlag, og vi får håpe at talet er lågare om ei veke eller to, seier barnelegeleiaren.

Selvaag seier at alvorleg sjuke born sjølvsagt ikkje skal tilbake til barnehagen, men at dette er ei svært lita gruppe.

– Dei det gjeld skal ha blitt kontakta av helsetenesta. Dette kan vere born som er under aktiv kreftbehandling eller som er alvorleg lungesjuke, seier ho.

Barn med kroniske sykdommer

Anne Lindboe er direktør i Private barnehagers landsforbund.

Direktør i Private barnehagers landsforbund er glad for at borna no kjem tilbake til barnehagane.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Nok vaksne på jobb

Anne Lindboe er direktør i Private barnehagers landsforbund. Ho er glad for at barnehagane opnar igjen måndag, og ho forsikrar at dei har nok vaksne på jobb til å ta godt vare på dei små.

– Eg er veldig glad for at vi skal få borna tilbake. Barnehagen er ein god stad å vere, og det er spesielt viktig for dei sårbare borna. Og det er heilt trygt, seier Lindboe til NRK. Ho trur borna greier å tilpasse seg dei nye reglane.

– Det trur eg skal gå bra. Vi skal vere mykje ute, og det blir mykje handvask, seier ho.

AKTUELT NÅ