NRK Meny
Normal

Cathrine (18) var livstrugande såra - helsepersonell bad båten snu

Med kritiske skotsår vart Cathrine (18) frakta med båt til landsida etter massakren på Utøya. Då dei kom til Utvika, bad redningspersonellet dei om å snu. Helsevesenet gjorde mange feil den 22.juli, meiner foreldra til den unge jenta.

Båt med såra på veg inn til Utvika

Helsepersonell bad båten med kritisk skadde Cathrine Trønnes Lie (til høgre for politimannen) om å leggja til land ein annan stad då den kom til Utvika.

Foto: Privat

I ettermiddag legg 22.juli-kommisjonen til Helsedirektoratet fram si evaluering av korleis helsevesenet handterte situasjonen under og etter terrorhandlingane i Oslo og på Utøya.

Pårørande og fleire av dei sivile båtførarane som hjelpte til med å frakta i land såra ungdommar frå sjøen rundt Utøya er svært kritiske til mottakinga dei fekk frå helsepersonellet på landsida.

Cathrine Trønnes Lie

Cathrine Trønnes Lie viser korleis skotet som traff henne under høgre skulderblad gjekk gjennom lunga og ribbeina, og ut gjennom magen.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Bad båt med hardt såra snu

To av døtrene til Freddy Lie og Marit Trønnes Lie frå Halden var på AUF sin sommarleir på Utøya den grufulle ettermiddagen. Elisabeth (16) vart drepen under massakren, Cathrine (18) kom frå det hardt såra.

To kuler hadde nettopp bora seg gjennom ryggen og inn i armen til Cathrine. Ho hadde mista over éin liter blod og svima av fleire gonger på vegen vekk frå Utøya.

Ein amatørvideo viser båten med den kritisk skadde jenta om bord, som har kurs mot Utvika på landsida. Få meter frå land får båtføraren klar beskjed om å snu båten og å dra til Storøya i staden.

«Dra til Storøya, dra til Storøya», ropar helsepersonell i Utvika når båten med Cathrine om bord kjem køyrande mot land.

Båtføraren trossa kommandoen og insisterte på å få Cathrine i land ved Utvika. Det redda livet hennar, trur foreldra, som allereie hadde mista ei dotter på Utøya.

– Eg er ingen dokter, men eg trur ikkje Cathrine hadde vore her i dag om båten hadde snudd, seier pappa Freddy Lie.

Sjøruter til Utøya

Kartet viser sjøvegen frå Utøya til Utvika (t.h.) og frå Utøya til Storøya (t.v.).

Foto: Illustrasjonskart / NRK

Kan bli betre på 70-90 punkt

Politiet har tidlegare forklart at dei ikkje sende beredskapstroppen til Utvika fordi dei frykta sprengstoff i bilen til den terrorsikta, som stod parkert like ved Utvika.

Helsedirektoratet vil ikkje kommentera kvifor dei bad båtane om å snu før dei offentleggjer rapporten fredag.

Ingarrd Lereim, leiaren for kommisjonen, har tidlegare varsla at rapporten vil trekkja fram 70-90 punkt som helsevesenet kan bli betre på etter 22.juli.

Helsesektoren sin innsats på skadestadane og under transport er eitt av områda som er evaluerte i rapporten.

Andre sider som vert vurderte i rapporten er:

  • Varsling eksternt og internt, blant anna via AMK-sentralen
  • Leiinga på operativt, taktisk og strategisk nivå
  • Kommunikasjonen internt og eksternt
  • Prioteringar og fordeling av ressursar på og utanfor sjukehusa
Freddy Lie og Marit Trønnes Lie

Freddy Lie og Marit Trønnes Lie mista ei dotter på Utøya. Den andre dottera overlevde såvidt. Dei meiner helsestyresmaktene kommuniserte altfor dårleg med pårørande i dagane etter 22.juli.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Gjekk til media for å få informasjon

I samband med evalueringa, har Helsedirektoratet snakka med fleire av dei pårørande om deira syn på helsesektoren sin innsats rundt 22.juli.

Far til Cathrine er ein av dei som har vorte kontakta. Han er særleg kritisk til behandlinga dei fekk av helsestyresmaktene medan Cathrine var innlagd på Ullevål sjukehus, og den andre dottera Elisabeth framleis var sakna.

– Me fekk jo ingen informasjon. Me måtte sjølve ta initiativ for å få greie på noko som helst. Eg tok heller kontakt med media for å halda meg mest mogleg oppdatert, seier Lie.

– Fortvila og livredde

Først ei veke etter 22.juli fekk foreldra stadfesta at dottera Elisabeth var blant dei drepne. I mellomtida hadde Cathrine vore gjennom sju operasjonar på Ullevål.

Foreldra ser tilbake på den kritiske perioden som eit mareritt.

– Den eine jenta vår var skoten i filler og låg i respirator. Samstundes måtte me bruka enormt mykje energi på å få ut informasjon om Elisabeth som var sakna. Me var fortvila, frustrerte og sinte, fortel Freddy Lie.

– Eg var livredd og gjekk konstant rundt med ein klump i magen. Me fekk jo ikkje veta nokon ting om kva som hadde skjedd med Elisabeth, seier mor Marit Trønnes Lie.

Ho håpar at evalueringsrapporten som Helsedirektoratet legg fram i dag vil føra til betre kommunikasjonsrutiner i Helsevesenet.

– Eg håpar at andre foreldre og pårørande vil få meir informasjon dersom det skulle oppstå ein liknande situasjon i framtida, seier Trønnes Lie.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger