Hopp til innhold

200-kronersgrensa overlever

Heller ikkje i år lempar regjeringa på tollsatsane for varer du bestiller frå utlandet. Netthandelen med utlandet aukar, men tollgrensa står i ro på 200 kroner.

netthandel ebay
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Bestiller du varer for over 200 kroner frå utlandet, må du framleis betale toll. Regjeringa vil ikkje heva denne tollgrensa som blei vedtatt i 1975 .

Det betyr at lovens bokstav framleis ser slik ut:

§ 5-9 Vare av mindre verdi
Varer som bestilles av og sendes til mottaker i Norge er tollfrie dersom den enkelte sendingen har en verdi under 200 kr. Eventuelle fraktkostnader inngår ikke i verdigrensen.
Fritaket gjelder ikke alkohol og tobakk.

Lova at grensa skulle hevast

Men alt for fem år sidan, før Stortingsvalet i 2005, sa Arbeiderpartiet og Senterpartiet at grensa skulle hevast til 1.000 kroner, og partia fekk støtte av Framstegspartiet.

SV ville auke tollgrensa endå meir, men utan å talfeste kor mykje.

Det skjedde ikkje

Gir opp?

Motstandarane mot at tollgrensa skal ligge så lågt som 200 kroner ser også ut til å ha gitt opp kampen.

Facebook-sida deira blei sist oppdatert for over eitt år sidan, men har frameis som mål å ”øke 200-kronersgrensa for moms og toll på pakker fra utlandet NÅ!”

Ikkje gløymt

Christian Tybring-Gjedde
Foto: Ketil Kern / NRK

Frp hadde justering av 200-kroners grensa som ein del av valprogrammet ved stortingsvalet, og Christian Tybring-Gjedde i finanskomiteen forsikrar at partiet ikkje har lagt tollsaka på is, sjølv om lite har skjedd.

– Det er ikkje overraskande at regjeringa står fast på denne grensa, men vi vil framleis arbeide for at ho skal hevast. Regjeringa held norske forbrukarar for narr når tollgrensa blir halden så lav i over 35 år, seier Tybring-Gjedde.

Må justerast

– Det er på tide å justere dette i tråd med utviklinga vi ser i det globale handelsbiletet, legg han til.

AKTUELT NÅ