Hopp til innhold

20.000 menn har blitt valdtekne

Rundt 20.000 menn har opplevd å bli valdtekne, ifølgje ei ny undersøking. Men forskarane trur det verkelege talet er mykje høgare.

Vold

Omfangsundersøkinga til Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress er av dei største gjort i Noreg om temaet. Illustrasjonsfoto.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Det er mest menn som valdtek menn. Men ein tredel seier at det var anten berre kvinner eller kvinner saman med menn som stod bak, seier Ole Kristian Hjemdal, seniorforskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.

Det er dei som har gjort undersøkinga. Hjemdal seier at talet kan vere høgare, fordi såkalla sovevaldtekter ikkje er med i undersøkinga. Det vil seie valdtekter der offeret ikkje har vore i stand til å kjempe i mot grunna til dømes rus eller at han var bevisstlaus.

Mange var svært unge då dei opplevde valdtekt. Dei fleste vart valdtekne av nokon dei kjende.

– Kjende skam

Sjølve episoden hende ei natt Kent A. Johansson aldri vil gløyme, trass i at han berre hugsar glimt frå den. Etter ein kveld på byen med tidlegare arbeidskollegaer følgde ein ukjent mann med i taxien heim. Han ville vere med inn.

– Det var ein som putta noko i drikka mi og følgde med meg heim. Han valdtok og rana meg heime i leilegheita mi, fortel Johansson.

Han hugsar at han låg i senga og ropte nei. At mannen romsterte i leilegheita hans. Då han vakna opp naken var det vanskeleg å forstå kva som hadde skjedd.

– I etterkant ville eg ikkje innsjå at det var nokon som hadde gjort noko gale med meg. Eg følte meg dum og kjende skam.

Han melde valdtekta til politiet, men saka vart lagt av omsyn til bevisets stilling.

Kent Johansson

Kent A. Johansson hugsar at han låg i senga og ropte nei. At mannen romsterte i leilegheita hans. Då han vakna opp naken var det vanskeleg å forstå kva som hadde skjedd.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

– Mange fortel aldri om det

Av dei spurde i undersøkinga hadde ein tredel aldri fortalt om det dei hadde opplevd. Få bad om hjelp umiddelbart etterpå.

– Det er nok på mange måtar brot med mannsrolla å bli utsett for valdtekt, seier Hjemdal.

– Måten ein trur at samfunnet ser på valdtekne menn spelar nok inn, som til dømes at menn er svakare om dei har blitt valdtekne. Eller sleivete kommentarar frå vener som gratulerer om ein har blitt valdteken av ei jente, seier Johansson.

Han trur langt fleire enn 20 000 menn har opplevd å bli valdtekne.

– På grunn av stigmatisering og tabu rundt det å vere mann og utsett, så tenkjer eg at det er mange som lever heile livet utan å snakke om det.

Han trur også at fleire kan ha vegra seg på å svare i undersøkinga.

– Mange har det vondt

Hos DIXI, eit ressurssenter for valdtekne, har fleire menn bedt om hjelp dei siste åra. I fjor kom 17 nye menn til dei. I tillegg er nokre innom senteret gjennom lengre periodar til faste samtalar.

– Det er mange som fortel om mykje skam. Og tabu rundt det å vere mann og bli utsett for noko sånt, seier rettleiar Lisa Arntzen.

Ho meiner 20 000 er eit høgt tal, men at det kan vere langt fleire.

– Dette er menneske som har det vondt og som treng hjelp, og som samfunnet har ansvar for å hjelpe.

Omfangsundersøkinga til Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress er av dei største gjort i Noreg om temaet.

– Det trengst i aller høgste grad meir kunnskap og forsking om dette. Også om dei som valdtek, seier seniorforskar Hjemdal.

AKTUELT NÅ