186 kritiske hendingar på norske planovergangar siste året

Annankvar dag det siste året har Bane Nor fått varsel om farlege situasjonar ved norske jernbaneovergangar.

Usikra overgang ved Hokksund.

Denne usikra planovergangen ligg ved Hokksund i Buskerud.

Foto: NRK

Omtrent halvparten av dei rapporterte hendingane skjedde på stader der jernbanelina ikkje var sperra av med bom. Bane Nor, som driftar det norske jernbanenettet, seier dei jobbar med å sikre desse overgangane med bom.

Dei ber likevel folk om å vere ekstra forsiktige når dei skal krysse ei jernbaneline. Det er 256 planovergangar her i landet som ikkje er sikra med noko anna enn skilt.

Beste og verste jobben

Steinar Nordermoen i Norsk Lokomotivmannsofrbund.

Steinar Nordermoen er vernekoordinator i Norsk Lokomotivmannsforbund.

Foto: NRK

Vernekoordinator Steinar Nordermoen i Norsk Lokomotivmannsforbund får alle varsel om såkalla kritiske hendingar inn på sitt bord. Han har også opplevd kritiske situasjonar sjølv, og det kan vere tøft.

– Å vere togførar er den beste jobben i verda når ting går som dei skal, men så fort det kjem noko i skjenegangen framfor oss, så er det plutseleg den verste jobben i verda, seier han til NRK.

Forbundet hans organiserer 1750 lokomotivførarar i Noreg, og dei meiner arbeidet med å sikre planovergangane går for sakte.

I perioden 1. juli 2018 til 8. juli 2018 er det registrert 186 kritiske hendingar ved norske jernbaneovergangar/planovergangar.

Krever bedre sikring av usikrede planoverganger

Hvert år skjer det dødsulykker på jernbaneoverganger

Små marginar

Det Bane Nor legg i omgrepet kritiske hendingar er situasjonar der det er relativt små marginar før ting kunne ha fått fatale konsekvensar.

Planovergangane kan delast inn i fem kategoriar. Nedst på tryggingsskalaen er overgangar som berre er merka med skilt. Det var to kritiske hendingar på denne typen overgangar i den aktuelle perioden.

Den neste kategorien er planovergangar med grind. Dette er overgangar som ein spesielt finn i landbruksområde. Det vart meldt 88 kritiske situasjonar i perioden ved slike overgangar.

Neste kategori er planovergangar med lyd- og lysanlegg, men utan bom. Det er meldt om fire kritiske situasjonar ved slike overgangar det siste året.

Harry Korslund i Bane Nor.

Harry Korslund er kommunikasjonsrådgjevar i Bane Nor.

Foto: NRK

Så er det planovergangar med halvbom, det vil seie at bommen stengjer berre halve vegbana over jernbanelina. Det er altså mogleg å kome forbi bommen. Det er meldt om 50 kritiske hendingar ved denne typen bommar i perioden.

Det tryggaste er planovergangar med heilbom. Likevel er det meldt om 42 kritiske hendingar ved denne typen bommar frå juli i fjor til juli i år.

Dansk Jernbaneforbund vil undersøke alle overgangar etter dødsulukke

Skjer med dei fleste gruppene

Harry Korslund er kommunikasjonsrådgjevar i Bane Nor. Han fortel at det er dei fleste grupper av trafikantar som kjem opp i situasjonar som kan vere kritiske.

– Vi har alt frå traktorar, landbruksreiskapar, bilar med og utan tilhengjarar, campingvogner, vi har folk til fots, vi har folk på syklar. Så det er heile spekteret frå mjuke trafikantar til køyrande, seier han til NRK.

Rundt halvparten av dei kritiske hendingane skjedde på stader utan bom. Det er i alt 256 planovergangar her i landet som berre er sikra med skilt

Det har ikkje gått menneskeliv på norske jernbaneovergangar det siste året, men eit menneske miste livet i ei ulukke i 2018.

SISTE NYTT

Siste meldinger