Hopp til innhold

- Erstatninga skal gå til borna

Enkja etter den drepne sjåføren krev 18 millionar kroner for ei utlevering av Kongo-fangane Tjostolv Moland og Joshua French til Noreg.

Joshua French og Tjostolv Moland

Drapsdømde Tjostolv Moland og Joshua French på veg til rettssaka i Kisangani i mai i år.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Det er Bibiche Olendjekem, enkja etter sjåfør Abedi Kasongo, som

dei to nordmennene er dømde for å ha drepe, som seier dette til VG.

Utsegnet kom etter at det torsdag blei kjend at kongolesiske styresmakter er opne for utlevering av dei drapsdømde nordmennene, om sjåføren sine pårørande får ei økonomisk erstatning dei er nøgde med.

Pengar til borna

Pengane skal gå til to inngjerda gardshus, og til forretningsinvesteringar for å sikra framtida til borna, uttalar Olendjekem.

– Eg set mi lit til desse erstatningspengane. Slik det er no, har eg ikkje råd til å gje borna ei utdanning, seier enkja.

På spørsmål om ho er villig til å forhandla om beløpet, svarar enkja slik, ifølgje NTB:

– Eg kan ta imot betalingane i avdrag.

– Meir komplisert enn me trudde

I den siste dommen frå desember, blei dei to dømde til å betala dryge 30 millionar kroner til den drepne sjåføren sin familie.

Den gong sa advokaten til Moland og French, Morten Furuholmen at det ikkje kom på tale å betala eit så stort beløp.

Det at kongolesiske styresmakter no har bestemt at det er opp til dei pårørande sjølve å fastsetje eit erstatningsbeløp, kan gjera forhandlingane ennå vanskelegare.

– Det kan bli meir komplisert enn me trudde. Mykje uforutsigbarheit gjenstår, seier Furuholmen.

Kva skal til for å få på plass ei utleveringsavtale?

Advokat Morten Furuholmen i Kongo

Advokat Morten Furuholmen saman med drapsdømde Tjostov Moland og Joshua French (t.h.) i Kisangani, Kongo i mai i år.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– I kva grad me lukkast er avhengig av kva forventningar partane har til ei løysing, og kva dialog me får. Det er rammene rundt den prosessen som no skal gjennomførast som avgjer, seier Furuholmen

Ser du føre deg at utleveringsprosessen kan ta tid?

Ja, her er alle moglegheiter tilstade, svarar advokaten, som ikkje vil kommentera gangen i forhandlingane.

Samtalar i løpet av dagen

– Det einaste eg vil sei er at advokatane har fått delegert arbeidet med forhandlingane om ei utlevering frå Justisdepartementet og Utanriksdepartementet. Me er pålagde å forsøke å finna fram til ei avtale. Det prøver me å gjere etter beste evne, fortel Furuholmen.

Han har ikkje lukkast med å få tak i Moland og French etter at VG slapp nyheita om det nye erstatningskravet på 18 millionar kroner, men reknar med at dei vil diskutere utviklinga i saka i løpet av fredagen.

LES OGSÅ: Til Kongo for å forhandle

Furuholmen ønskjer ikkje å seie noko om kor lenge dei har jobba med å
få til ei avtale med enkja.

Val gjev håp

Moland og French i rettssalen i Kisangani, Kongo.

Joshua French (t.v) og Tjostov Moland tek imot dødsdom for drapet på Abedi Kasongo i Kisangani, Kongo.

Foto: STRINGER / Afp

Neste år er det val i Kongo. Det kan vera ein fordel for French og Moland, trur Fafo-forskar Morten Bøås.

– President Joseph Kabila er lite interessert i å ha denne saka oppe når valkampen startar til våren, og no kan han få den ut av verda, seier Bøås til Aftenposten.

Presidenten blei ved det førre valet anklaga for å vera altfor ettergjevande overfor utlendingar.

Bøås seier Kabila sine konkurrentar vil bruke dette mot han - dersom det skulle bli ein utleveringsprosess midt i valkampen.

– Kongolesarane bryr seg ikkje særleg mykje om nordmennene. Dei har anna å stri med. Men opposisjonen kan likevel blåse opp saka når valkampen set i gang. Då kjem Kabila truleg til å halda French og Moland fengsla til stemmene er talde opp, seier Bøås.

Datoen for valet er framleis ikkje sett, men sannsynlegvis vil det haldast i august.

AKTUELT NÅ