18 års fengsel for kidnapping

Ein nordmann er dømd til 18 års fengsel for kidnapping i Sverige, melder det svenske nyheitsbyrået TT.

Den dømde nordmannen var hovudmannen i ei gruppe som kidnappa to rike svenskar.

Den første var ein 47 år gammal næringslivsleiar i Göteborg, medan den andre var ein like gammal finansmann frå Stockholm.

Begge bortføringane skjedde i 2010. Han er dømd for to tilfelle av bortføring, to tilfelle av grovt ran, ulovlege truslar og to tifelle av overgrep. 

SISTE NYTT

Siste meldinger