Hopp til innhold

Slagsmål og ulukker i aust og vest på nasjonaldagen

Den første 17. mai-feiringa sidan gjenopninga har vore travel for politiet.

Norske flagg i Bergen.

Norske flagg i Bergen på nasjonaldagen.

Foto: Bjørnar Morønning / NTB

17. mai 2022 vart den første skikkelege feiringa av grunnlovsdagen i Noreg på to år.

Nokre stadar har det vore roleg, andre stadar har det vore fleire slagsmål, bråk, fyll og mange trafikkulukker.

Alvorlege ulukker

Fleire alvorlege trafikkulukker pregar bildet. På Voss mista ein motorsyklist livet på riksveg 13 mellom Voss og Hardangerbrua då han køyrde inn i ein bom ved Tunsbergtunnelen.

På Torpo ved Ål i Hallingdal omkom ein mann i 20-åra i ei ulukke med ein firhjuling. Ulukka skjedde på ein grusveg som går opp til eit fjell i området.

På Sellebakk i Fredrikstad vart ein mann funnen med alvorlege skader på ein gangveg ved sidan av ein elsparkesykkel. Han er flogen med luftambulanse til Ullevål sjukehus. Det er uklart korleis ulukka skjedde.

Fleire slagsmål i Bergen: – Særdeles travelt

Det skal ha vore fleire slagsmål og amper stemning fleire stader i Bergen på grunnlovsdagen.

Operasjonsleiar Bjarte Rebnord fortel til Bergens Tidende onsdag kveld at dei har hatt oppunder 300 oppdrag i løpet av døgnet.

– Frå ettermiddagen har vi registrert 170 oppdrag. På ein vanleg kvardag har vi gjerne mellom 60 og 70. Det har vore særdeles travelt, seier han til avisa.

I totida tok imot politiet fleire meldingar om amper stemning og tilløp til slagsmål på Torgallmenningen i Bergen sentrum. Politiet er på staden med fleire patruljar, og har også vist bort enkelte.

Politiet fekk meldingar om et slagsmål ved utestaden Ricks, der 20–25 personar skal ha vore involvert, skriv Bergens Tidende.

– Då vi kom fram var det derimot ingenting, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Politiet hadde patruljar i nærleiken, og slo på blålys og sirene for å komme seg fram i folkemengda.

– Når vi står på Torgallmenningen og slår på sirenene, så høyrest det godt opp til Ricks. Kanskje det har vore nok til å avverje det, seier Rebnord til BT.

Det vart også meldt om tilløp til slagsmål inne på ein buss i Åsane, og på haldeplassen utanfor. Politiet rykka ut, og snakka blant anna med ein person med oppriven skjorte som hadde vore innblanda i slagsmålet.

Også i Indre Arna skal det ha vore slagsmål, og ein person skal vere skadd etter å visstnok ha blitt slått ned.

Politiet rykka og ut til ordensforstyrring og tilløp til slagsmål ved Den blå stein i Bergen sentrum. To personar er vist bort frå sentrum, og ein person er arrestert og meldt for vald mot politiet.

Mange trafikkuhell i Oslo

– Det har vore ganske hektisk, seier operasjonsleiar Gjermund Stokkli i Oslo politidistrikt.

– Vi har hatt eit veldig fint ver i dag, og ingen koronarestriksjonar, så eg vil seie at det har vore ekstra mykje folk ute å feira i dag, seier han og.

Sjølv om folk flest har oppført seg fint, fortel Stokkli at dei frå morgonen av og fram til klokka 21 hadde rundt 27 oppdrag som dei reknar som ordensforstyrringar i hovudstaden.

I same tidsrom var det sju trafikkulukker i byen på nasjonaldagen. I nokre av dei har politiet mistanke om at føraren har vore rusa.

– I den alvorlegaste av ulukkene vart ein ung gut køyrt på av ein bil. Det ser ut til at det vil gå bra med guten, seier Stokkli.

Det er framleis mykje folk i Oslo sentrum fortel operasjonsleiaren klokka 21.

– Vi får stadig meldingar om tilløp til slagsmål, ordensforstørringar og mykje ungdommar som er samla, men når vi viser oss går ting tilbake til normalen, seier Stokkli.

Rett etter at NRK har snakka med han melder politiet om eit slagsmål i Storgata i Oslo sentrum etter meldingar om fleire personar som slåst. Éin person skal ha blitt slått i bakken, og fire personar skal ha stukken av før politiet kom til staden.

– Vi undersøker kva som har skjedd og skadeomfang, skriv politiet på Twitter.

EFb1my83RDk

Karl Johan var fylt opp av folk mens 17. mai toget går opp til Slottet

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Til sjukehus etter masseslagsmål på Nøtterøy

På kvelden 17. mai rykka politiet ut til Teie på Nøtterøy etter melding om at rundt tjue ungdommar slost ved badeplassen Rosanes. Ein gut i tenåra med kuttskadar er køyrt til sjukehus for sjekk, skriv politiet på Twitter.

Politiet beslagla ein lommekniv og eit knokejern. Det skal også ha blitt brukt ei knust flaske i slagsmålet.

15 ungdommar på staden vart visiterte for våpen.

Utpå natt til 18. mai vart det igjen uro i distriktet. I 03-tida måtte fleire politipatruljar rykke ut i Tønsberg til eit stort slagsmål i sentrum av byen. Politiet fekk igjen kontroll og det vart ikkje meld om nokon skadde.

Masseslagsmål Tønsberg

Politiet på staden der det var eit masseslagsmål på Nøtterøy

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Relativt roleg fleire stadar i landet

Sjølv om det til tider har vore uroleg fleire stadar, fortel fleire politidistrikt om ein roleg feiring av grunnlovsdagen hos seg.

Operasjonsleiar i Agder politidistrikt, John Repstad, fortel at det har vore ein normal 17. mai. Frå midnatt til klokka 21.30 har det vore rundt 35 oppdrag knytt til ordensforstyrring, som er relativt normal for politiet i Agder 17. mai.

– Det har vore mykje folk ute, god stemning og ein del rusa folk, men ingen store alvorlege saker. I kveld har vi hatt ein del rusa ungdom i Kristiansand sentrum, fleire er melde for offentleg drikking og ordensforstyrring der, men no byrjar det å roe seg, seier han.

– Folk har oppført seg bra. Det har vore lite ordensforstyrringar, og ikkje noko meir enn det som er normalt i ei vanleg helg. Vi har ikkje hatt nokon i arresten, vi har klart å prate folk til fornuft og sendt dei heim, seier Borge Amdam, operasjonsleiar i Møre og Romsdal.

– I det store og det heile har det vore greitt i Trøndelag. Det har ikkje vore unormalt mykje bråk på ein 17. mai. Russen har oppført seg fint, som dei pleier å gjere, fortel Rune Brandmo i politiet i Trøndelag.

Gledd seg til 17. mai Skal ha blitt møtt med hets i barnehagetoget

Hege Annie Nordlund Hagen og sønnen står med hvert sitt flagg i hånda. Hege med et norsk flagg, og Magnus har et samisk flagg. Hege er iført en nordlandsbunad, mens Magnus har på seg ei kofte.

AKTUELT NÅ