Regjeringa legg fram langtidsplanen sin for Forsvaret komande fredag. Det er varsla eit betydeleg økonomisk løft, men i forsvarsgreinene er det stor uro for om det kjem nok pengar.
Forsvaret har gjort det klart at dei treng 180 milliardar kroner dei neste 20 åra for å halde eit forsvarleg nivå. Kjelder fortel til NRK at regjeringa truleg vil gi 15 milliardar mindre.
– Under minimumskravet
Generalinspektør for Sjøforsvaret, Lars Saunes, seier at situasjonen i Sjøforsvaret er vanskeleg. Dei er for få, dei trenar for lite og dei manglar pengar.
– Sjøforsvaret er i dag under minimumskravet med omsyn til beredskap. Eg trur at den største og viktigaste oppgåva til staten er å sikre staten. I dag brukar vi i underkant av 1,5 prosent av brutto nasjonalprodukt til forsvaret, og det meiner Nato-landa og Nato-alliansen er for lite, seier Saunes til NRK.
Det er klart at det kjem meir pengar fredag, men spørsmålet er om det blir nok. Forsvaret meiner 180 milliardar kroner i ekstra midlar over 20 år er nødvendig for å halde nivået i dag. Meir for å bli betre.
Usikre på framtida
Det er likevel i Hæren at dei er mest usikre på framtida. 2. bataljon er ei av avdelingane som er trua av nedlegging om det ikkje kjem ekstra pengar. Avdelinga er no på øving i Latvia.
Avdelingssjef Øyvind Halvorsen i 2. bataljon har denne knappe kommentaren:
– Det er klart vi er spente på langtidsplanen og korleis han vil påverke arbeidet vårt i framtida.
Heimevernet veit dei må gjennom massive kutt same kva som skjer. Uroa går på at Heimevernet blir så lite at dei ikkje lenger har nokon funksjon.
Nye jagarfly
I Luftforsvaret er stemninga roleg så lenge ikkje regjeringa røyver bestillinga på 52 nye jagarfly. Likevel veit dei ikkje om det er mogleg å greie vedlikehaldskostnadene utan ein betydeleg vekst i budsjetta.
Svaret får dei førstkomande fredag.