Hopp til innhold

15 droppa inn for å døype seg

Med eller utan fadrar, pynta eller i kvardagsbuksa – laurdag vart 15 døypte i Sarpsborg. Drop in-dåp kallar kyrkja det. Målet er at fleire skal døypast.

SE VIDEO: Nå skal ikke lange gudstjenester og store familiearrangementeter stå i veien for kristne ritualer. Derfor arrangerte Sarpsborg Kirke i Østfold drop-in-dåp.

– Vi har vingla litt fram og tilbake om vi ville døype Martin eller ikkje. Når vi såg annonsen om drop in -dåp, slo vi til, seier mamma Linda Johansen Arvola.

Ho og mannen Asbjørn kom saman med tre år gamle Martin Jeronimo, pynta og klare, til Sarpsborg kyrkje laurdag. Treåringen med eit godt tak i mamma og pappa sine hender.

Og dei var ikkje aleine. Sakristiet i kyrkja var fullt av folk som ville døypast. Både store og små.

Overvelda over responsen

Drop in dåp

LITT SKUMMELT: Martin byrja å gråte då prest Trond H. Kaspo helte vatn over hovudet på han i kyrkja. Då var mamma Linda Arvola god å ha.

Foto: Petter Olden / NRK

For 50 år sidan vart 97 prosent av alle nordmenn døypte. Det har endra seg radikalt. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det i 2014 berre var 59,3 prosent som valde å døype barnet sitt.

– Det er mange som ikkje er døypte som ønskjer å bli det. Men dei veit kanskje ikkje heilt korleis dei kan det, seier sokneprest Trond H. Kaspo.

Trondheim har også hatt drop in-dåp, og det var der prosten i Sarpsborg fekk ideen frå.

– Og som vi ser, det er overveldande oppmøte, seier Kaspo.

Drop in- dåp er eit prøveprosjekt som skal gå over to år, med slik dåp ein gong kvart halvår. Då skal arbeidet evaluerast.

Trond H. Kaspo

VELLUKKA: - Eg er overvelda over responsen vi har fått. Eg trudde ikkje det ville komme så mange hit i dag, seier sokneprest Tron H. Kaspo.

Foto: Petter Olden / NRK

I forkant av sjølve dåpen i Saprsborg kyrkje må alle ha ein dåpssamtale med presten på ti minutt. Der vert det prata om kva som skal skje, og fadrar vert skrivne opp. Dei som ikkje har med seg fadrar, kan få nokre av dei som jobbar i kyrkja denne dagen til å vere vitne.

Og medan dei ulike dåpsfølgja ventar på tur, er det prat over kaffikoppane og muffinsane på bakrommet.

– Eg har tenkt lenge på at eg ville døypast, seier Kristen Amundsen.
Ho har teke med seg mor si på dåpen sin.

– Då eg såg annonsen tenkte eg det var enkelt, og kom hit i dag.

Skummelt med vatn på hovudet

Drop in dåp

KAFFIKOS: Dåpsfølgja venta i tur på bakrommet i kyrkja, før dåpssamtalen stod for tur. Det var sett fram kaffi og kaker til alle som ville ha.

Foto: Petter Olden / NRK

Etter to bollar og mykje mammakos, er det endeleg Martin sin tur. Sidan han er tre år, vert det rekna som ein barnedåp og ikkje vaksendåp, og difor er det mamma Linda som får spørsmålet frå presten.

– Vil de at Martin Jeronimo skal oppsedast i den kristne tru?, spør han, og mamma svarer ja.

Så vert Martin velsigna, før han nokså motvillig får dåpsvatn over hovudet.

– Nei, nei, gret han. Og mamma trøyster.

Drop in dåp

NØGDE: - Det gjekk fort, og det var fint. Vi vil anbefale andre å gjere dette og, seier ekteparet Linda og Asbjørn Arvola. Sonen Martin er her ferdigdøypt, og veldig klar for dåpsfesten som ventar.

Foto: Petter Olden / NRK

Så var det gjort. Og Martin er klar på kva som er høgdepunktet for hans del denne laurdagen.

– Is, brus og kaker.

– Dette var fint, og vi er fornøgde. Det vart slik vi ønskte, seier pappa Asbjørn.

AKTUELT NÅ