15 år sidan Kyoto-avtalen: – Ikkje ein vellykka avtale

I dag er det 15 år sidan den første internasjonale avtalen i verda, som forplikta land om å redusere klimautslepp, tredde i kraft. – Avtalen har ikkje hatt så stor effekt på klimaet, seier klimaforskar.

Kyoto-avtalen trådte i kraft 16. ferbuar 2005.

HISTORISK: 16. februar 2005 tredde Kyotoprotokollen i kraft.

Foto: Frank Augstein / AP

I dag for akkurat 15 år sidan, jubla statsleiarar og klimaforkjemparar rundt om i verda over at Kyoto-avtalen endeleg tredde i kraft.

Protokollen som vart signert i Kyoto i Japan allereie i 1997, hadde som mål å redusere klimagassutsleppa globalt med 5,2 prosent frå 2008- 2012, i forhold til nivået i 1990.

Men den første forpliktande klimaavtalen i verda fekk ikkje berre jubel.

– Dessverre må vi kunne seie at Kyoto-avtalen ikkje var den avtalen som skulle til. Vi såg raskt at ein hadde for låge målsetjingar, og at land forhandla seg unna dei forpliktingane som måtte til for å få til drastiske utsleppsreduksjonar, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

Ho meiner avtalen viser at internasjonale avtalar aldri kjem til å vere gode nok for å få bukt med klimagassutsleppa.

– Det vil alltid vere forhandlingar og land som svekker dei internasjonale avtalane. Vi er avhengig av at kvart enkelt land går føre for å gjere meir enn det som er forpliktande.

Japanese citizens hold a banner in front of the Yasaka Shrine in Kyoto

Japanske klimaaktivistar med eit banner føre Yasaka-helligdommen i Kyoto 16. februar 2005.

Foto: Kimimasa Mayama / Reuters

USA og Canada ville ikkje bli med

I 2005 hadde 55 statar forplikta seg til å følgje Kyoto-avtalen, men blant dei mangla nokon av dei største stormaktene.

USA ville ikkje ratifisere avtalen, i tillegg regulerte ikkje avtalen utsleppa i land med veksande økonomiar som Kina og India. I 2011 valde Canada å trekke seg frå avtalen, noko mange såg på som ein fiasko.

Demonstrasjoner for å ratifisere Kyoto-avtalen i 2005 i Montreal. Canada signerte aldri avtalen.

Demonstrasjonar for å ratifisere Kyoto-avtalen i 2005 i Montreal. Canada signerte aldri avtalen.

Foto: Ian Barrett / AP

– Eg vil ikkje kalle avtalen ein fiasko, for han hadde ein viss nytte. Det vart eit stort internasjonalt fokus på klima og klimautslepp, seier direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking, Tore Furevik.

Han meiner likevel det var eit problem at avtalen berre omfatta dei rike landa, og ikkje sa noko om korleis ein skulle redusere utsleppa i dei fattige landa.

– Dei anerkjente ikkje at USA kunne bli pålagt kutt samstundes som til dømes Kina ikkje vart det. Dei siste åra har berre om lag 15 prosent av utsleppa i verda vore regulert gjennom Kyotoprotokollen, seier Furevik.

Kyoto-avtalen trådte i kraft 16. ferbuar 2005.
Foto: Frank Augstein / AP

Avtalen omfatta heller ikkje internasjonal skips- og flytrafikk, som står for ein betydeleg del av dei globale utsleppa.

Noregs Kyoto-forpliktingar: – Vi kjøpte oss fri

Kyoto-avtalen fekk òg kritikk for at land i utstrekt grad nådde klimamåla ved å betalte utlippskutt og klimatiltak i andre land, framfor å redusere utsleppa innanfor eigne grenser.

Noreg er eit av landa som har brukt denne måten å nå klimamåla på.

– Den måten å kjøpe seg fri på er ein utfordring og utset ein heilt nødvendig omlegging av samfunnet, seier Lundberg i Naturvernforbundet.

KLIMAMELDING: Regjeringen fikk flertall for at Norge fikk et nasjonalt kvotesystem for klimagasser fra 2005. daværende miljøvernminister Børge Brende sa seg tilfreds med den brede enigheten i Stortinget.

KLIMAMELDING: Regjeringa fekk fleirtal for at Noreg fekk eit nasjonalt kvotesystem for klimagassar frå 2005. Dåverande miljøvernminister Børge Brende sa seg tilfreds med brei semja i Stortinget.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Klimaforskar Tore Furevik legg til at Sovjetunionens fall førte til «klimakvotar på billegsal».

– På slutten av 1990-talet vart mykje av tungindistrien lagt ned i Sovietunionen og Aust-Europa. Det vart uendelege mengder kvotar som var ubrukte og vart nærmast gratiskvotar, det kosta ikkje noko å forureine. Kollapsen gjorde at kvotesystemet ikkje hadde den effekten ein ønskte, seier Furevik.

Kullindustrien i Europa

MINDRE KOL: 1990-talet vart prega av at mykje av tungindistrien blei lagt ned. Dei siste åra har kolindustrien i Europa minka betrakteleg.

Foto: Frank Augstein / AP

Statssekretæren i Klima- og miljødepartementet, Mathias Fischer (V), meiner likevel Noreg kan vere nøgd med at vi klarte å oppfylle ambisjonane i Kyoto-avtalen.

– Gjennom klimtiltak og kvotar bidrog vi til å senke utslepp i utlandet, det er positivt, samtidig veit vi at det ikkje er nok. Vi har mykje større ambisjonar i Parisavtalen der vi skal kutte 50-55 prosent innan 2030, seier Fischer.

– Skal det kuttast nasjonalt, eller via klimakvotar?

– Målet vårt er å kutte saman med EU. Det betyr òg ein god del kutt innanlands, men nøyaktig kor mykje er ei fordeling som blir gjort med EU. Målet til regjeringa er minst 45 prosent kutt innanlands i kvotepliktige sektorar innan 2030, seier Fischer.

Mathias Fischer

MEIR INNANLANDS: Målet til regjeringa er å kutte meir innelands i åra som kjem, sig Mathias Fischer.

Foto: Bård Bøe

– Vil du kalle Kyoto-avtalen ein vellykka avtale?

– Du kan vanskeleg kalle det ein vellykka avtale når målet var å kutte klimagassutsleppa nok til å stanse klimaendringane. Men med tanke på utgangspunktet som var då, og den politiske situasjonen i verda, så sette den nokre rammer for den internasjonale klimapolitikken.

– Men det var heilt klart nødvendig at vi fekk Parisavtalen, legg han til.

Lærdom frå Kyoto til Paris

Kyotoprotokollen skulle eigentleg vare fram til 2012, men vart forlenga då verda ikkje klarte å bli samde om ein ny klimaavtale innan det. Frå 4. november 2016 overtok Parisavtalen, som forpliktar å redusere klimagassutslepp i både rike og fattige land.

– Ein ting vi kan lære er i alle fall at det er veldig viktig å få med alle landa i verda. Og så trur eg at vi ikkje må avskrive kvotekjøp heilt. Det er viktig å redusere i eige land, men det er òg viktig å hjelpe andre, spesielt den fattige delen av verda, til å ta i bruk fornybar energi, seier Furevik.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger