Hopp til innhold

14.000 asylsøkarar står i kø hos UDI

Tilsette jobbar på overtid om helgene for å ta unna asylintervju hos UDI. Ventetida for asylsøkarar går opp.

Asylintervju

ASYLINTERVJU: Evelyn Øksenvåg brukar lang tid på å forklare 16-åringen frå Afghanistan kva som skal skje i intervjuet. Han skal fortelle kvifor han flykta frå familien i heimlandet. Dersom han ikkje snakkar sant kan det føre til utsending.

Foto: Runa Victoria Engen

– Dei fortel om det verste dei har opplevd. Om kvifor dei har forlatt familien og heimlandet. Det er klart at det er mange tunge historiar, seier Evelyn Øksenvåg.

Ho har sagt ja til å jobbe denne helga for å intervjue ein 16 år gamal gutt frå Afghanistan.

Så langt i år har 18.000 søkt om asyl i Norge, og 14.000 av dei står i kø for saksbehandling hos UDI. Dei må vente i inntil seks månader for å kome til asylintervjuet.

Der går dei gjennom alle detaljar om flukt frå heimlandet. Det dannar grunnlaget for å vurdere om søkaren har krav på å bli beskytta av Norge.

– Det er i praksis denne dagen dei har til å forklare seg, seier Øksenvåg.

Jobbar på spreng og på dugnad

For å løyse den lange køen har UDI begynt å åpne dørene om helgene. Dette er fjerde helg dei samlar tilsette til overtidsdugnad. 44 tilsette skal gjennomføre 110 intervju på to dagar.

«Det er viktig at du brukar god tid, tenker deg godt om og prøver å huske i detalj alt som har hendt» seier Øksenvåg til den 16-åringen frå Afghanistan.

Han har kome til Norge åleine og utan ID-papir. Ein representant er med han for å ivareta hans interesser. Ein tolk skal oversette frå språket pashto.

– Eg har venta sidan eg kom for to og ein halv månad sidan på å kome hit og gjere intervjuet. Det er viktig å få alt fram, seier guten, som må vere anonym.

Mindreårige einslege asylsøkarar krev langt fleire ressursar av UDI enn vaksne, og i år har det kome tre gonger så mange som på same tid i fjor.

asylintervju

MINDREÅRIG: Sidan mai har svært mange mindreårige asylsøkarar kome åleine til Norge. Dei fleste kjem frå Syria, Afghanistan, Irak og Eritrea. Det har kome tre gonger fleire til no i år enn på same tid i fjor.

Foto: Runa Victoria Engen

– Uhaldbart på sikt

Det er planlagt to slike helger til dei komande månadane.

– Vi greier ikkje ta unna køen slik, den er for lang. Samtidig er alt til hjelp og bak kvar søknad sit nokon og ventar på eit svar, seier Vesna Curk, avdelingsleiar i UDI.

Frode Forfang

USIKRE ANSLAG: Denne veka passerte talet på asylsøkarar i år 18.000. Det er ny rekord for Norge. UDI-Direktør Frode Forfang seier dei no ventar meir enn 25.000 asylsøkarar innan året er omme, men alle anslag er svært usikre.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix

Ho seier dei ikkje kan halde fram på denne måten særleg lenge utan at det blir eit problem for arbeidsmiljøet til dei tilsette. Regjeringa har bedt om ekstra pengar i eit tilleggsproposisjon til statsbudsjettet. Dei får svar ved månadsskiftet.

– Vi er avhengige av å få mange fleire tilsette. Elles vil saksbehandlingstida bli altfor lang. I dag tar det inntil seks månader før dei får kome til intervju. Det er innanfor det forsvarlege, seier Curk.

– Saksbehandlingstida vil bli lengre uansett. Sjølv om vi får tilsette fleire saksbehandlarar, vil det uansett ta tid før det får ein effekt, sa UDI-direktør Frode Forfang mandag.

Etter at alle spådomar så langt har blitt sprengt, tør han nesten ikkje gje eit anslag på kor mange asylsøkarar som vil kome innan året er omme.

AKTUELT NÅ