Initiativtakarane representerer til saman 106 norske bankar, opplyser DNB i ei pressemelding måndag morgon.
DNB, Sparebank 1-alliansen, Eika Alliansen, Sparebanken Møre og 15 sjølvstendige sparebankar som også er deleigarar i Frende Forsikring har inngått ein intensjonsavtale som inneber at partane saman skal vidareutvikle Vipps som «heile Noreg si mobile lommebok», heiter det.
Sparebank 1 gir avkall på sin betalingsapp-versjon «mCash», og går inn i Vipps.
– Vipps er einaren
– Vipps har blitt einaren på venebetaling og har på kort tid rulla ut betalingsløysingar både på mobilen, på nett og i fysiske butikkar, seier Rune Bjerke, konsernsjef i DNB og påtroppande styreleiar i Vipps.
Bjerke seier at Vipps skal i løpet av året vere tilgjengeleg på langt fleire stader enn vi har sett til no.
– Gjennom dette samarbeidet står vi betre rusta til å vinne kappløpet i konkurranse med nordiske og internasjonale aktørar.
- Les også: Vipps knuser konkurrentene
Butikkbetaling via Vipps i løpet av året
Vipps har til no vore ein del av DNB-konsernet, men blir no eit frittståande selskap. DNB blir største eigar, med om lag 52 prosent av aksjane.
– Det som står att no er å kunne betale i butikk med Vipps. Allereie er betaling av rekningar tilgjengeleg, dette er noko kvar enkelt må gå inn og aktivere, seier Vipps-sjef Rune Garborg.
- Les også: Fant lovbrudd i Vipps-arbeidet
Ifølgje Dagens Næringsliv er løysinga som vart presentert på måndag eit resultat av fleire månader med forhandlingar mellom partane som tilbyr mobile betalingsløysingar, blant dei Sparebank 1 sin mChash, Danske Bank sin MobilePay og DNB sin Vipps.
Aller først ut var mCash, men no er det altså slutt på denne løysinga.