Hopp til innhold

- Dette skadar forklaringa til Støre

Ny e-post viser at UD visste at Støre-vennen Tschudi var villig til å bla opp seks millionar til stiftinga som har skapt blest om Støre sin habilitet.

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre er ein av fleire statsrådar som får kritikk for manglande habilitetsvurdering

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Utanriksdepartementet visste at Støre-vennen Felix Tschudi var økonomisk involvert i den omstridde stiftinga, lenge før det som hittil er kjent, skriv VG Nett.

LES: Nye avsløringar om Støre og Tschudi

– Dette skadar forklaringa til Støre, seier leiaren i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Anders Anundsen til avisa.

Jubla over pengane

VG viser til eit dokument som fortel at UD allereie 25. september 2008, tre veker før søknaden blei sendt frå Rederiforbundet, visste at Tschudi var villig til å bla opp seks millionar kroner til stiftelsen Senter for nordområdelogistikk.

BAKGRUNN: UD gav millionar til Støre-bekjents stiftelse

I ein mail frå UDs dåverande leiar for Nordområdet-prosjektet, Jostein Mykletun, til Rederiforbundet, jublar han over pengane.

Anders Anundsen Martin Kolberg

Anders Anundsen (Frp) meiner det er uheldig at Støre ikkje har bede om ei vurdering av habiliteten sin

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

LES: Vil granske Støre-støtte

Leiar av kontrollkomiteen Anders Anundsen (Frp) meiner denne e-posten frå departementet til Støre understrekar at Støre burde ha vurdert habiliteten sin då pengane blei delt ut.

– E-posten viser meir av kontakta mellom UD og Tschudi. Det er uheldig at ikkje Støre har innsett betydninga av å vere på den sikre sida og be om ei vurdering av habiliteten, seier Anundsen.

LES: – Hvis du aldri er inhabil, er du ganske ensom

Sjølv meiner Støre det ikkje var naudsynt å vurdere habiliteten i denne saka.

– Dette var ikkje av ein slik karakter at eg fann behov for å vurdere habiliteten min i forhold til mitt kjennskap med Felix Tschudi, seier Støre. Støre og Tschudi er vener frå barndommen av.

Storm rundt habilitetsspørsmål

Statsråder

Fleire statsrådar har fått vurdert sin habilitet i pengesaker.

LES HEILE HER: Åtte av 34 habilitetsvurderinger handler om ektefellens rolle

Det viser seg at åtte av dei totalt 34 juridiske vurderingar har handla direkte eller indirekte om ektefellar til statsrådane.

Mellom anna sørga dåverande helseminister Bjarne Håkon Hanssen for at Kirkens Bymisjon fekk i oppdrag å utarbeide eit døgntilbod til rusmisbrukarar, utan at andre vart invitert til å søke.

Hanssen var då gift med Anita Ellefson, som var og er verksemdsleiar i Kirkens Bymisjon.

LES: Hanssen gav 60 millionar kroner til Kirkens Bymisjon

Habiliteten til Hanssen blei aldri vurdert.

Både Jens Stoltenberg, Knut Storberget og Kristin Halvorsen har blitt vurdert både inhabil, delvis inhabil og habil med atterhald.

LES: Solhjell må sjekke habiliteten

LES: Ga bort 500.000 uten utlysning

Jonas Gahr Støre blei vurdert på eige initiativ om det personlege kjennskapet til kronprinsparet gjorde han inhabil til å delta i kronprinsparets apanasje. Då blei han vurdert som habil.

AKTUELT NÅ