Hopp til innhold

- Ingen skjult agenda i NRK si Midtausten-dekning

NRK er Israel-fiendtlege i si dekning av Midtausten-konflikten, meiner den israelske ambassaden i Oslo. Etter å ha handsama klagen, avviser Kringkastingsrådet kritikken.

May-Helen Molvær Grimstad,leiar i Kringkastingsrådet

Saman med resten av Krinkastingsrådet, konkluderte leiar May-Helen Molvær Grimstad med at NRK ikkje har vore partiske i si dekning av Midtausten-konflikten. Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas (t.v.) omtalar skuldingane frå den israelske ambassaden som svært alvorlege.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Sidsel Wold

Midtausten-korrespondent i NRK, Sidsel Wold, var i dag på snarvisitt i Oslo for å svara på kritikken frå den israelske ambassaden.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Israel er ein okkupant, palestinarane er okkuperte. Dersom eg eller andre i NRK overser at dette er tilfellet, gjer me ikkje jobben vår, sa Midtausten-korrespondent for NRK, Sidsel Wold under eit møte i Kringkastingsrådet i dag.

Wold, som nyleg vann perspektivprisen for framragande formidling av situasjonen i Midtausten, har laga rundt halvparten av ei rekkje innslag som den israelske ambassaden i Oslo no har klaga inn til Kringkastingsrådet.

Ambassaden meiner NRK i 30 år har vore partiske, uvitande og Israel-fiendtlege i si dekning av Midtausten-konflikten.

– Kjensleprega og komplisert

I dag var rådet, NRK-leiinga, representantar frå den israelske ambassaden og både interne og eksterne analytikarar samla for å ta stilling til den omfattande klagen på NRK si dekning av Midtausten-konflikten.

Etter mange timars drøfing kom rådet fram til at det ikkje var grunnlag for å hevda at NRK har hatt ein agenda.

I sin konklusjon gjev rådet også ros til NRK for ei balansert nyheitsdekning av konflikten, og oppfordrar til å halda debatten breid og nyansert også i tida framover.

– Israel-Palestina konflikten er eit kjensleprega område, der det er særleg viktig med ein breid og nyansert debatt, avslutta leiaren for rådet, May-Helen Molvær Grimstad.

– Må tola kritikk

Under debatten avviste likevel mange av rådsmedlemmene påstanden om at NRK med viten og vilje har rapportert til fordel for palestinarane. Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas var letta etter møtet.

– Skuldingane frå ambassaden er svært alvorlege fordi dei hevdar NRK historisk har hatt ein agenda. Granskinga som er presentert for oss her i dag, stadfestar at det ikkje er tilfellet, seier Bjerkaas.

Heller ikkje utanrikssjefen i NRK, Knut Erik Holm meiner kritikken er på sin plass.

– Midtausten er ei kruttønne, og det er enormt krevjande å rapportera om det som skjer i området . Me i NRK må finna oss i at søkjelyset vert retta mot oss, men også ambassaden må finna seg i at Israel får kritikk. Hamas og den palestinske sida vert også kritiserte. Me kan ikkje dekkja alt, seier Holm.

«Partiske og uvitande»

Cecilie Hellestveit

Forskar Cecilie Hellestveit (ILPI) meiner NRK sin kjeldebruk i Midtausten-dekninga er upåklageleg, men ser ein tendens til underrapportering om israelske forhold.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Dekninga kan karakteriserast som ein «fortløpande» journalistisk svikt, skriv ambassaden i sin klage til det uavhengige rådet.

Ambassaden får likevel delvis støtte frå ein forskar som har gjort ei ekstern gransking av NRK si Midtausten-dekning, på oppdrag frå Kringkastingsrådet.

– Kritikken er ikke teken ut av lause lufta, seier forskar ved ILPI (International Law and Policy Institute), Cecilie Hellestveit.

– Ikkje bevisst agenda

Hellestveit har gått gjennom aktuelle fjernsynsinnslag på NRK frå dei siste tre åra.

– Det er ein tendens til underrapportering om israelske forhold i NRK si dekning, men eg trur ikkje dette er ein intensjon frå NRK si side, seier forskaren.

Ho meiner derimot at Midtausten-dekninga i Noreg generelt har køyrt seg fast i eit spor der det ofte er den same tematikken, dei same kjeldene og dei same innfallsvinklane som dominerer.

Ros til Dagsrevyen

– NRK si utfordring er ei meir heilheitleg dekning innføre nokre redaksjonar. Medieaktørane i Noreg kan oftare utfordra måten å formidla historiar på, og spørja seg sjølve om det finst alternative innfalsvinklar til konflikten som er meir relatert til den aktuelle utviklinga, konkluderer Hellestveit.

Ho meiner likevel at kjeldebruken i Midtausten-materialet til NRK er svært balansert, særleg i Dagsrevyen.

– Det er ikkje slik at ein part ikkje har ei røyst medan den andre får stort rom. Jamnt over er reportasjane gode, faktabaserte og nyanserte. Eg kan vanskeleg førestella meg at ein kan gjera det på betre måte enn Dagsrevyen har fått til, understrekar ILPI-forskaren.

Får støtte

Hellestveit får støtte frå Hilde Thoresen i NRK Analyse. Ho har også gjennomgått kjeldebruken i Midtausten-saker som handlar om konflikten mellom Israel og Palestina.

I Thoresen si analyse kjem det fram at 15 prosent av kjeldene er israelske, medan 16 prosent er palestinske.

– Det me ser er at NRK er på begge sider av konflikten, og har rapportert mykje frå grensa.

– Ei heksegryte

Video Sidsel Wold i Egypt

Sidsel Wold fortel om vanskelege arbeidsforhold i Midtausten. Her rapporterer ho frå demonstrasjonane i Egypt i vinter.

Foto: Nyhetsspiller

Korrespondent Wold har oppheldt seg mykje på begge sider av grensa, og har god kjennskap til både det israelske og palestinske samfunnet.

Ho fortel at det ikkje alltid er like lett å formidla balanserte rapportar frå eit så konfliktprega område.

– Området er ei vanvittig heksegryte. Israel er meir isolert enn nokon gong, og det er ofte vanskeleg å få israelarane i tale. Eg har likevel laga mange saker om fleire sider ved det israelske samfunnet med mål om å «avdemonisera» israelarane, fortel Wold.

– Ingen skal sei at eg er partisk i min journalistikk, legg Midtausten-korrespondenten til.

AKTUELT NÅ